Gratis Ungdomsskuleband 2026
Gratis abonnement til Voldabadet for elevar i 7.–10. klasse i Volda kommune, gyldig ut 2026. Kom innom resepsjonen og oppdater armbandet ditt, eller hent eit nytt dersom du treng det.
Voldabadet, i samarbeid med sponsorar og Volda kommune, finansierer gratis abonnement for alle elevar i 7., 8., 9. og 10. klasse i Volda kommune. Tilbodet vart godt nytta i førre skuleår, og vil halde fram også i den komande perioden. Den noverande avtalen gjeld til 31. desember 2026, slik at elevane kan nytte tilbodet på same vilkår heilt fram til utgangen av 2026. Nedanfor finn du viktig informasjon om aktivering og bruk av adgangsbanda.
Dette må du vite:
- Abonnementet gjev rett til gratis inngang til Voldabadet i anlegget sine opningstider, gjeld til 31. desember 2026
- Frå 26. august må alle innom resepsjonen i opningstida for å aktivere det gamle bandet sitt eller hente nytt band (gjeld elevar i 7. klasse).
- Har du fått band tidlegare, må du ta det med deg.
- Elevar i 7. klasse får utdelt nye band.
- Dersom bandet er mist, kostar nytt band 150 kroner.
- Dei nye banda er gyldige fram til 31.desember 2026.
Til deg som gjekk i 10. klasse i fjor
Kom innom med bandet ditt, så får du ein is i resepsjonen 🍦
Påminning
- Mistar du armbandet, kan du kjøpe eit nytt for 150 kroner. Det gamle blir då deaktivert.
- Alle skal dusje før dei går i bassenget.
- Berre godkjent badetøy er tillate.
- Det er ikkje lov å bruke boksershorts eller undertøy under badetøyet.
- Vis omsyn til dei ulike bassengsonene: Roleg, Action