Vi ønskjer at alle som brukar Voldabadet skal ha eit føreseieleg og godt tilbod. Voldabadet er framleis nytt og det kan verte naudsynt å gjere tilpassingar som kan kome til å påverke opningstider.
For å kunne ha dette handlingsromet vert ordninga med årskort avvikla. Dei som allreie har årskort vil sjølvsagt kunne bruke desse, men det vert ikkje selt nye.
Framover vil vi tilby halvårskort, slik at vi kan vere fleksible og samtidig sørgje for at du som brukar alltid veit kva du får tilgang til. Vi vil kome tilbake med informasjon i god tid før det evt. vert gjort endringar i tilbodet.
Vi ser fram til å halde fram med å ønske deg velkomen til gode opplevingar i Voldabadet – og takkar for forståinga medan vi tilpassar oss for å gi det beste tilbodet.
