Kva tid opnar det?

Vi siktar mot å ta over bassenget 27.11.24. Då startar vi testperiode og innkjøyring av rutinar m. m. Så opninga vert truleg i januar.

Mor og to barn i bassenget - Klikk for stort bilete Marius Beck Dahle

Kva tid opnar det?

Vi siktar mot å ta over bassenget 27.11.24. Då startar vi testperiode og innkjøyring av rutinar m. m. Så opninga vert truleg i januar.

Kva inneheld Voldabadet?

  • Stort treningsbasseng
  • Opplæringsbasseng
  • Baby/plaskebasseng
  • Motstraumskanal
  • Kaldkulp
  • Badstove
  • Utandørs jacuzzi

 

Korleis er garderobene?

4 store garderober, med tilknytt lærargarderobe, 2 familie/HC/nøytral

Kan eg kjøpe årskort?

Ja, vi kjem til å ha dagskort, klippekort, halvårskort og årskort.

Vert det mogleg med publikumsbading i vekene, og korleis vert det på helg?

Det vert gode opningstider både laurdag og søndag, i tillegg til moglegheit for å få bade truleg kvar vekedag.

Kva med morgonsvøm?

Du skal få stå opp i gryotta å symje to dagar i veka

Jobb i symjehallen!

Vi har hatt utlysing, og tilsetjing er i gang. Men du kan sende open søknad til: solveig.storeide@volda.kommune.no

LEIGE:

Lite ledig, men nokre moglegheiter kan vise seg. Kontakt dagleg leiar på e-post: solveig.storeide@volda.kommune.no

Vi har ikkje landa korleis utleige av 3. etasje vert enda. Men der vert flotte lokale!