Marius Beck Dahle
Fleire spør kvifor Voldabadet har mindre opningstid for publikumsbading enn t.d. Sunnmørsbadet og Ulsteinbadet. Forklaringa er at driftsmodellen er ulik. Voldabadet er eit ikkje-kommersielt anlegg, bygt først og fremst for opplæringa til skuleelevane og som idrettsanlegg. Den resterande bruken er til publikumsbading.
Fordelinga av brukstida til dei ulike formåla er i samsvar med skatteetaten si godkjenning for å få refundert momsen på investeringa i anlegget. Ettersom Voldabadet ikkje er eit kommersielt anlegg, inneber den driftsmodellen Skatteetaten har godkjent at det er eit gitt timetal vi har lov å ha publikumsbading. Timetalet er ei prosentvis utrekning basert på antal timar skule og frivillige lag nyttar anlegget. Desse vilkåra knytt til momsreglane gjeld i 10 år.
Heldigvis nyttar dei ulike skulane anlegget i stor grad, og VTI satsar stort, noko som per i dag gir oss 29 timar «ope for alle» (dette er ei løpande restkapasitetsvurdering/prosentutrekning). Vi kan difor tilby symjing og badeglede kvar einaste dag heile veka.
Den driftsmodellen som er valt for dette anlegget inneber også at vi har lågare billettprisar enn samanliknbare anlegg både nært og fjernt.
Vi vonar at du får ei god oppleving i anlegget.
Kontakt oss om det skulle vere noko. Badevertane er her for å skape eit godt og trygt anlegg for alle.