Lurer du på noko? Sjekk her først.

Lurer du på noko? Sjekk her først.

Mange som lurer på det same. Sjekk her først :-)

Er det påbudt med badehette?
- Nei

 

Kan vaksne/føresette vere med inn i anlegget?
- Ja. NB: Utan telefon/nettbrett/etc
- Om bornet ikkje er svømmedyktig må du vere i bassenget på vanleg vaksenbillett.

 

Tek de følgjekort?
- Ja, det gjer vi. 

 

Må ein booke HC-garderobe?
- Nei, berre oppmøte. Der er 16 låsbare skap, grei kapasitet. 

 

Kan fleire nytte same årskort?
- NEI. Det er misbruk av kortet, og fører til inndraging utan refusjonsmoglegheit.

 

Er klippekort personleg?
- Nei, klippekort kan nyttast av fleire samtidig. 
- Om de treng låneband til garderobeskap må de kontakte resepsjonen.
- Hugs at du klipper for kvar inngong. Så om du går ut og røyker tre gonger, så bruker du klipp. 
- Har du glømt noko i bilen, kontakt oss i resepsjonen, så hjelper vi deg kring dette.

 

Kan eg ha badesko?
- Ja, men det må vere godkjent svømmetøy/sko. Vi sel gode sko i resepsjonen. 

 

Kva gjer eg om eg gløymde noko i anlegget?
- Da må du kome i opningstid, kontakte ei vakt (helst i resepsjonen om den er bemanna), så hjelper vi deg. 
- Om det er fleire dagar sidan så har det kome i attgløymdrommet i skogangen. Hvis det er kort tid sidan heng det til tørk inne i vår vaskesone. 

 

Kan eg tøme olje på badstuomnen?
Nei! Og ved regelbrot her kan ein verte bortvist frå anlegget. 

 

Mat og drikke er ikkje tillatt i bassengområdet. 

Det er 100% mobilfritt!

Fann du det du leita etter?