Ugrei åtferd i anlegget

Viktig melding til alle brukarar av anlegget!

Viktig melding om åtferd i anlegget

Vi har hatt svært høge besøkstal sidan oppstart, noko vi sjølvsagt set stor pris på. Samtidig fører dette til nokre utfordringar. Det kan bli trangt i anlegget, særleg på visse tidspunkt, og vi ber difor alle om å vise ekstra omsyn til kvarandre.

Målet vårt er å vere eit anlegg både for dei som ønskjer ei roleg symjeøkt, og for dei som vil leike og ha det moro. Men moro krev ikkje skriking og brøling. Vi ønskjer eit triveleg miljø for alle!

For å skape betre flyt har vi innført meir oppdelte tider, men hugs at dette også påverkar kor mykje tid du faktisk har tilgjengeleg. Vi må difor finne ein god balanse, særleg med tanke på at driftsmodellen vår set grenser for talet på publikumstider.

Vi er trygge på at vi saman skal få dette til, slik at anlegget fungerer godt for dei aller fleste. Men vi ser oss no nøydde til å stramme betrakteleg inn.

Føresette må ta ansvar

Dei som følgjer barn under 12 år, må ha kontroll. Når vi stadig må hindre sjuåringar i å opphalde seg i stupsona under stupetårna, eller bruke tid på å leite etter føresette når eit barn har slått seg, går dette ut over andre viktige oppgåver.

Respekt for badevertane

Vi forventar at alle rettar seg etter badevertane sine instruksar. Dette gjeld særleg ungdomsgjengar som får beskjed om å ta omsyn til andre. Dessverre ser vi at for mange ikkje følgjer opp, og i nokre tilfelle oppfører seg direkte uakseptabelt. Å vise fingeren, himle med auga, snu ryggen til, kaste vatn eller våte klede på badevertane – dette toler vi ikkje.

Frå og med i dag vil vi handheve reglane mykje strengare. Og vi vil inndra ungdomsbanda ved ugrei åtferd (feks hærverk, mobbing, ikkje følge badevertane sine instruksar, ugrei språkbruk etc). 
Dei som nektar å oppgi namn og telefonnummer når vi tek inn chipbanda, vil få problem med å få dei tilbake, da vi ikkje veit kven dei tilhøyrer. Så snakk gjerne med ungdommen din om at det er klokt å oppgi namn og nummer (gjerne til føresett), uavhengig om ein er einig eller ikkje. 

Vi forstår at ei strengare linje kan gjere at enkelte opplever seg urettferdig mistenkt. Dessverre er det ofte mange som skuldar på kvarandre, og for å få oversikt må vi i enkelte tilfelle sjå på alle før vi finn ut kven vi faktisk skal fokusere på.

Takk for at de bidreg til eit tryggare og trivelegare anlegg for alle!