Ungdomsskulebanda

Viktig informasjon til alle elevar frå 7. til 10. klasse i Volda kommune!

Stiftinga Voldabadet har, saman med sine sponsorar og Volda kommune, sponsa årskort til samtlege elevar i 7., 8., 9. og 10. klasse i Volda kommune, for skuleåra 24/25 og 25/26. 
Eit tilbod som vart godt nytta i vår, og som vi vonar mange vil nytte seg av også i komande skuleår. 

  • Dei noverande silikonbanda er gyldige t.o.m 17. august. Da vert alle banda deaktivert
  • Fra 19.08.26 SAMTLEGE må innom resepsjonen, i opningstid, for å aktivere dei gamle banda, eller hente nye (7. klasse)
  • Elev eller føresett må møte personleg i resepsjonen
  • Dei som har fått band tidlegare må ha dette med seg
  • Elevar frå 7. klasse skal hente nye band
  • Dersom nokon ikkje finn bandet sitt, kostar det 150 kroner å få nytt
  • Silikonbanda vil bli merkte med skule, klasse og fornamn. Alle må stadfeste opplysningane sine i resepsjonen 
  • Dei nye banda vert aktivert til 16.08.2026

 

Til alle som gjekk i 10. i fjor: Om du kjem med bandet ditt får du ein is i resepsjonen.

PÅMINNING: 

Dersom du mistar armbandet, kan du kjøpe eit erstatningsarmband for 150 kroner. Det gamle vil då bli deaktivert.

Samtlege SKAL dusje før ein går i bassenget. 

Alle skal ha godkjent badetøy! 
Ikkje bruk boksershorts eller undertøy under badetøy.

Ha respekt for dei ulike bolkane: Roleg, action, for alle.

PS: Vi fekk over 50 søknadar om sommarjobb her i anlegget i år, UTAN at vi hadde lyst ut noko. Kanskje akkurat DU ser føre deg å jobbe her eingong?! Da legg du grunnlaget no! Oppfør deg :-)