Bursdagsfeiring hos oss

Bursdagsfeiring hos oss

Vegen vert til medan vi går, så her har vi ikkje spikra systemet. Steg-for-steg. 
Men kontakt oss, så finn vi nok ei løysing! :-)

Du MÅ ikkje ta kontakt på førehand. Det er heilt lov å kome til anlegget med ein flokk og feire bursdag. 
Men vi vil gjerne ha ein liten headsup, slik at vi kan beregne i fht antal i anlegget. Søndagar er det ofte ganske fullt. 
Gjerne med ca-antal, og ca-klokkeslett. 

Minner om at dersom borna er under 12 år, skal vaksne vere med, og ha kontroll til ei kvar tid. 

 

Ein kan ikkje booke eige bassengområde, eller “privat tid” i anlegget. 
Ein kan heller ikkje kome når det er eksterne leigetakarar si tid, dette må skje i vår opningstid. 

 

 

Feir bursdag på Voldabadet! 🎈


Vil du feire bursdagen din med plask og moro? 

Då er Voldabadet staden! 

Vi ønskjer små og store bursdagsgjestar velkomne til ein kjekk dag i symjehallen.

 

Prisar for bursdagsgrupper:
🎟️ Bursdagsbillett: 50 kr per person
(Gjeld både born og vaksne)

 

Viktig informasjon:
Born under 12 år må ha med vaksne 
– maks 5 born per vaksen.
Den vaksne skal ha tilsyn med sine 5 til ei kvar tid.

 

Melding på førehand:
Send e‑post med ca antal born, og tidspunkt til: solveig.storeide@volda.kommune.no

 

Fann du det du leita etter?