Angåande ÅRSKORT:
Vi er så glade for besøk over all forventning i år, og vi ser fram til mange gjestar også neste år. Det er veldig kjekt at så mange kontaktar oss angåande å kjøpe årskort i julegåve.
Vi veit ikkje korleis drifta vert neste skuleår (frå august 26). Både skulebruk og avtalen med Volda symjing (som skal evaluerast i juni) påverkar driftsmodellen når det gjeld publikumstid, difor har vi stoppa sal av årskort.
Vi ynskjer ikkje å selge eit produkt vi ikkje har kontroll på korleis vert. Men vi sel halvårskort, som er satt til halve prisen av årskort. VELKOMNE!!!
Angåande GÅVEKORT:
Vi tilbyr ikkje kjøp av gåvekort, men du kan kjøpe både enkeltbillett /ar og/eller andre typar kort som gåve, i resepsjonskiosken ved hovudinngangen til Voldabadet og Campus.
Det er berre å ta kontakt om andre alternativ også, vi finn som regel ei løysing.
PRISAR
NB! Tilleggsinformasjon:
- Kjøpt dagskort kan brukast en gong i løpet av 12 månader.
- Kjøpt klippekort kan brukast 15 gonger i løpet av 36 månader.
- Kjøpt halvårskort/halvårskort familie blir aktivert ved første besøk i symjehallen og er gyldig i 6 månader frå denne datoen.