KFUM Volda Volleyball skal arrangere norgesmeisterskap for U19, og det skjer fredag 13. mars, til og med søndag 15. mars.
Våre opningstider er dei same (laurdag 11.00 - 15.00 og søndag 11.00 - 17.00). Velkomne!!
Men det vert ein del trafikk og det er eit stort behov for parkering for tilreisande lag.
Vi ynskjer difor å oppmode dei av gjestane våra som har moglegheit til det om å ta hensyn til dette gjennom arrangementeshelga, og at dei som ikkje treng å parkere ved VCA lar bilen stå heime. Det vert også ein del bussar i sving så parkering på busslomma må ikkje skje.
Også nyttar vi høvet til å GRATULERE ein solid volleyballklubb og kjekk samarbeidsaktør/nabo med eit spennande stort arrangement!! Vi heiar!! :-)