VIKTIG informasjon om LAURDAG 31.januar

VIKTIG informasjon om LAURDAG 31.januar

Volda Symjeklubb + Sparebanken Møre = BADEDAG!! 

Voldabadet har tett dialog, og ei god kontrakt med Volda Symjeklubb (tidlegare VTI symjing) kring bruk av anlegget. 

Det meste definerer kvardagsbruken, som i stor grad omhandlar symjekurs og trening. 
Men så har vi avtalt nokre kjekke happeningar i året i tillegg. 

Aktivitetar som julelaug, nyttårssymjing, symjestemne, treningshelg, treningshelg for parasymjarar og diverse anna. 

 

Laurdag 31.januar skal Volda symjeklubb i samarbeid med Sparebanken Møre arrangere BADEDAG her hos oss. Det betyr gratis inngong heile dagen. Men då vi har publikumstak er det svært viktig at du melder deg på i lenka via symjeklubben si facebookside: https://www.facebook.com/voldasymjeklubb

NB NB: INGEN av våre medlemsskap er i bruk denne dagen. Ikkje enkeltbillettar, klippekort, (halv)årskort, etc. 
ALLE som skal i anlegget denne dagen, MÅ melde seg på via lenka. 
  
 

 

Har fått nokre innspel kring begrensning av våre medlemsskap når slikt foregår. 
Vil minne om at vi er eit ikkje-kommersielt anlegg, bygd i hovudsak for skulebruk, og med stor del av bruk frå frivillige lag og organisasjonar. Dette gir pluss og minus, det gjer at billettprisane er forholdsvis låge, og der er nokre aktivitetar som vil begrense tilbodet innimellom. Håper på forståing for dette :-) 

Fann du det du leita etter?