Nytilsett kommunalsjef for samfunnsutvikling

Nytilsett kommunalsjef for samfunnsutvikling

Tor Halvar Botnen er tilsett som kommunalsjef for samfunnsutvikling i Volda kommune

Portrett av Tor Halvar Flacké Bontnen  - Klikk for stort bileteTor Halvar Flacké Bontnen privat

Botnen har teknisk bakgrunn frå Universitetet i Oslo og har det siste året vore tilsett i Herøy kommune i tilsvarande stilling. Botnen tek til som kommunalsjef i Volda kommune 1. august.

Ynskjer å bygge eit godt lag

–  Å ta del i og kunne bidra til å gjere Volda til ein endå meir attraktiv plass å leve og drive næring, er noko eg ser fram til. Eg veit Volda kommune har eit godt og kompetent lag. Det dannar eit supert grunnlag for å vidareutvikle samfunnet og dei kommunale tenestene.  

Eg ynskjer å bygge vidare på det gode arbeidet som er gjort og møte utfordringane dei komande åra og er spent på å kome i gang, seier Botnen. 

Samfunnsutvikling er ein av dei tre sektorane i kommunen, ved sidan av helse/omsorg og oppvekst. Sektoren Botnen skal leie omfattar avdelingane eigedom, brann og redning, utvikling, veg/park, vatn/avløp og kultur.

Ser fram til å få Botnen på laget

– Volda kommune har mange store prosjekt på gang, og kommunalsjef for samfunnsutvikling er sentral i utviklingsarbeidet i kommunen. Sektor for samfunnsutvikling er ein sektor med breitt arbeidsfelt og sentrale oppgåver. Det er derfor viktig at vi har kontinuitet i stillinga. Tor Halvar er ein engasjert leiar med relevant erfaring som vi håpar å nyte godt av i mange år framover. Han har også god innsikt og erfaring innanfor digitalisering som vert stadig meir sentralt i samfunnsutviklinga. Det er ei stor glede å kunne ynskje Tor Halvar Botnen velkomen til Volda og ha han med på laget for vidare utvikling av voldasamfunnet, seier kommunedirektør Rune Sjurgard.

Tor Halvar Botnen er 40 år, gift, har tre born og har budd i Volda i over ti år. Han overtek stafettpinnen etter Jarl Martin Møller som er tilsett som kommunedirektør i Ulstein kommune.

– Når eg har fri er eg helst ute i den flotte sunnmørsnaturen, fortel Botnen.