Barnevernstenesta

Frå 01.01.2014 er barnevernet i Hareid, Ulstein, Volda og Ørsta kommunar slått saman til eit barnevern. Volda kommune er vertskommune og har ansvar for administrasjon og drift av den nye tenesta. Fram til samlokalisering i Volda rådhus i april 2015 vil det vere bemanna barnevernskontor i dei fire kommunane som før.

Barneverntenesta - Klikk for stort bilete

Tenesta består av om lag 30 fagtilsette samt merkantilt personale. I tillegg er hjelpetiltaka for einslege mindreårige innvandrarar organisert som ein del av barnevernstenesta. Ved utgangen av 2013 var om lag 450 barn i dei fire kommunane registrerte med ulike typer hjelp og tenester frå barnevernet.

Målet med denne organiseringa er eit barnevern som skal kunne gje endå betre tenester til born og familiar. Vidare er tidleg innsats eit nasjonalt innsatsområde.

 

Føremålet med barnevernslova er å sikre at barn og unge ikkje vert utsett for omsorgssvikt eller andre skadelege oppvekstvilkår.

Dersom det er naudsynt med tiltak skal barnevernstenesta så langt det er mogleg avgrense seg til tiltak i heimen. Flytting av barn skal i utgangspunktet vere ei naudløysing.

 Dei sentrale oppgåvene til barnevernstenesta er å undersøke barnet sin omsorgsituasjon, sette i verk frivillige hjelpetiltak og om naudsynt fremje forslag om tiltak til fylkesnemnda. Barnevernstenesta skal gjennomføre og følgje opp Fylkesnemnda sine vedtak.

Ved alle tiltak etter barnevernslova skal det leggast vekt på kva som er best for barnet. Personar som til vanleg har teieplikt, har likevel opplysningsplikt overfor barnevernstenesta om det er grunn til å tru at det ligg føre mishandling, alvorleg svikt i omsorg eller alvorlege åtferdsvanskar.

Privatpersonar kan også melde inn dersom dei er bekymra for barn.

 

Det er eit mål å få til barnevernvakt i området, men inntil vidare må politiet kontaktast i akutte situasjonar. 

 

Tilsette med leiarfunksjon:

Brynhild Solvang er barnevernssjef

Kyrre Grimstad er fagteamleiar for mottak og undersøkingsteamet

Aina Øyehaug Opsvik er fagteamleiar for hjelpetiltaksteamet

Torill Osborg Vinjevoll er fagteamleiar for hjelpetiltaka retta mot einslege mindreårige flytningar

Ann Reidun Vik er fagteamleiar for omsorgsteamet

 

Nyttige linkar:

Alarmtelefonen for barn og unge 116 111 (gratis) www.116111.no

www.bufetat.no

www.barnevernet.no

Sist endra 12.05.2017 09:39
Fann du det du leita etter?
kontoret Barnevern
70 05 88 00
Artiklar
Login for redigering