Volda demenskor inviterer til vårkonsert i samarbeid med Volda og Ørsta korskule i konsertsalen på Henrik Kaarstadhuset komande helg. Konserten er open for alle.
Volda demenskor
Stødige korleiarar er dirigent Ingrid Vik Henriksen og musikkterapeut Sunniva Ulstein Kayser. Dei fleste kordeltakarane har med seg følgje på øvingane, og i tillegg er der frivillige medsongarar som ekstra støtte. På denne vårkonserten har koret engasjert eit eige band. Dei som er med der er Stein Lied, Svein Hunnes, Morten Bollerud, Øystein Salhus, Harald Kvangardsnes og Robert Løkketangen. Jørund Knardal vil vere konferansier og lose publikum gjennom to timar med kjende og kjære, men også nye melodiar. Kanskje vil også publikum bli inviterte til å synge med?
Nasjonalforeningen for folkehelse, Hornindal demensforeining står som prosjekteigar og har søkt om midlar for å drive koret. Lokale bankar har gitt prosjektmidlar, koret har fått gåver, statlege demensmidlar og butikkar og kafear har sponsa kveldsmåltidet som er eit fast innslag etter kvar korøving.
Volda kommune tilbyr koret gratis øvingslokale på den nye ungdomsskulen i Volda sentrum.
Billettinntekta går til vidare drift av Volda demenskor.
Frivilligsentralen ved Volda kommune er ein del av arbeidsgruppa til Volda demenskor, og vi er stolte av å kunne vere med på å invitere til konsert med Volda demenskor.