Fornya status som Fairtrade-kommune

Fornya status som Fairtrade-kommune

Volda og Ørsta kommunar har fått fornya status som Fairtrade-kommune i ytterlegare 2 år. Joakim Rødven Volda og Ørsta kommunar vert Fairtrade-kommuner i to nye år etter godkjent søknad.

Kommunestyret i Ørsta og dåverande Fellesnemnda for nye Volda gjorde i fjor samrøystes vedtak om å søkje om fornying av statusen som Fairtrade-kommunar, noko begge kommunar vore sidan 2008.

No har søknadene vorte behandla av Fairtrade Norge og begge kommunane har fått innvilga søknadane.

I søknaden som vart sendt til Fairtrade, kom det fram at Volda og Ørsta har hatt tilfredsstillande resultat på innkjøp av kaffi.

- Eg er veldig stolt over at Volda kommune held fram som Fairtrade-kommune. I 2019 var målsettinga at 50 prosent av innkjøp av kaffi skulle vere Fairtrade-produkt. Innan 2023 er målet 90 prosent, fortalde ordførar Sølvi Dimmen under markering av fornya Fairtrade-status på Ivar Aasen-tunet fredag føremiddag.

Om Fairtrade

Fairtrade er ei sertifisering og merkeordning for rettferdig handel.

Fairtrade legg til rette for ein tettare kontakt mellom råvareproduserande bønder og arbeidarar, kommersielle aktørar som kjøper og selr råvarene, og forbrukarar som kjøper det ferdige produktet.

Gjennom krav til råvarebetaling, tryggare arbeidsforhold og beskyttelse av miljøet, bidreg produksjon og handel etter Fairtrade-standardane til eit meir berekraftig jordbruk og betre liv for bønder og arbeidarar i Afrika, Asia og Latin-Amerika.

Kva er ei Fairtrade-kommune?

Som Fairtrade-kommune set ein seg mål for kor stor del av det totale innkjøpet innanfor to produktkategoriar som skal vere Fairtrade-sertifiserte. Éin kategori skal vere kaffi, medan den andre produktkategorien kan t.d. vere kakao.

Ein Fairtrade-kommune bidreg til å bekjempe fattigdom - og utvikling hjå bønder og arbeidarar gjennom innkjøp.

Status som Fairtrade-kommune dannar dessutan ei god ramme for kommunikasjon og aktivitetar tilknytt berekraft, samfunnsansvar og internasjonal solidaritet.

Ifølgje SSB sto kommuneforvaltninga i 2015 for ca. 38 % av totale offentlege innkjøp i Noreg, og utgjorde eit budsjett på over 183 milliardar kroner.