Informasjonsskriv frå landbrukskontoret

Klikk for stort bilete Landbrukskontoret Ørsta og Volda kommunar har felles landbrukskontor, der Ørsta er vertskommune. Her er informasjonsskriv frå kontoret i samband med ny Volda kommune.

Når Hornindal og Volda vart samla til ein kommune frå nyttår av, skal Landbrukskontoret Ørsta/Volda og yte service til dei som driv landbruk i Hornindal.

Landbrukskontoret har etablert ein tradisjon med å gi ut informasjonsskriv to gonger kvart år.

I samband med kommunesamanslåinga av Hornindal og Volda, kom landbrukskontoret med eit informasjonsskriv til brukarar av landbrukstenestene (PDF, 711 kB), med mellom anna nyttig informasjon for nye brukarar.

Lanbrukskontoret er lokalisert på Ørsta rådhus, men vil ha kontortid på Smia kvar måndag. Utanom dette kan det gjerast avtale om møter, synfaringar, mv.

Du finn meir informasjon om landbrukskontoret på Ørsta kommune si heimeside.