Mobbeombodet i Møre og Romsdal

Klikk for stort bilete Joakim Rødven Mobbeombodet er ei ombodsteneste som skal sikre at barn og unge i Møre og Romsdal får ein trygg og god kvardag i barnehagen og på skulen.

Mobbeombodet kan svare på spørsmål, gje støtte og rettleiing til barn, elevar og foreldre som står i vanskelege situasjoner. I tillegg arbeider mobbeombodet med førebygging og bidreg gjerne med kurs og føredrag på ulike område.

Alle kan ta kontakt med mobbeombodet. Mobbeombodet har teieplikt.

Slik når du oss:

 

Tlf.: 712 80 433 / 911 40 259

E-post: mobbeombodet@mrfylke.no

Du kan følgje mobbeombodet på Facebook: www.facebook.com/mobbeombodetmr

For meir informasjon om mobbeombodet, sjå www.mrfylke.no/mobbeombodet