Vassmålaravlesing 2023

Vassmålaravlesing 2023

døme på vassmålar - Klikk for stort bilete

Volda kommune har no lest av alle vassmålarane som har fjernavlesingsfunksjon.  Har du fått installert vassmålar i 2020 og seinare har du ein vassmålar som kan fjernavlesast.

Volda kommune har sendt ut SMS til dei som har sjølvavlesingsmålar.  Avsender er eit 14-sifra nummer som er unikt for den som har fått SMS.  Det er difor ikkje mogleg å vidaresende SMS.  Dette er naudsynt for at avlesinga skal registrerast på rett målar.

 

Slik gjer du

  • Les av tala på vassmålaren din.  Er der 5 tal skal alle takast med, Ikkje ta med siffer bak komma (raude tal) på målaren. Normalt vil vassmålarstanden vere 5-6 siffer.
  • Svar på SMS-en du fekk med tala som sto på vassmålaren. 

Svare på SMS

Dersom du sender fleire svar på same SMS, er berre siste svar gjeldande.  Meldingar som inneheld anna info enn målarstand blir ikkje lest og besvart. 

Dersom  kommunen ikkje mottek avlesing av vassmålar, vil forbruket verte berekna på bakgrunn av historisk forbruk på vassmålaren.

Avlesingskort vert sendt ut til dei som av ein eller anna grunn ikkje ynskjer digital avlesing.