Volda er blant dei beste i landet på openheit i forvaltninga

Volda er blant dei beste i landet på openheit i forvaltninga

 

Pressens offentlighetsutval og Kommunal rapport har granska kor opne kommunane i Norge er; i kva grad gir kommunane tilgang til politiske dokument og sikrar at journalistar og folk flest får innsyn i forvaltninga og dei politiske beslutningane?

I rapporten kjem Volda kommune svært godt ut; på ein delt tredjeplass i landet og delt førsteplass i Møre og Romsdal. 

I omtalen av Volda står det at innsynskrav blir besvart kjapt og at postlistene har gode søkemoglegheiter.
Pressens offentlighetsutval og Kommunal Rapport seier at den som vil søke informasjon eller be om innsyn, har gode arbeidsmogligheiter i Volda.

Volda er omtala på side 38 i rapporten.

https://presse.no/np-nyhet/resultater-fra-apenhetsbarometeret-2022/