Interkommunal barneverntenesteHareid, Sande, Ulstein, Vanylven, Volda og Ørsta har felles barnevernteneste: Søre Sunnmøre barnevernssamarbeid. Volda er vertskommune og har ansvar for administrasjon og drift av tenesta.Alle tilsette har arbeidsstaden sin i Volda. Ved behov har dei tilgang til kontor og møterom i kvar av kommunane.Telefonnr til Søre Sunnmøre barnevernssamarbeid er 70 05 88 00, kvardagar mellom kl-. 10.00 og 14.00.eDialog interkommunal barnevernsteneste: Med tenesta eDialog kan både privatpersonar og verksemder sende dokument til den interkommunale barnevernstenesta via ein sikker og effektiv kanal.Søre Sunnmøre barnevernssamarbeid har organisasjonsnummer 983 814 174.