Brukarundersøking 2026

Brukarundersøking 2026

Kor fornøgd er du med Søre Sunnmøre barnevernsteneste? Søre Sunnmøre barnevernsteneste er barnevernstenesta for kommunane Hareid, Sande, Ulstein, Vanylven, Volda og Ørsta.

For å kunne gje best mogleg hjelp, ønsker barnevernstenesta å høyre korleis du opplever å vere i kontakt med tenesta.

Barnevernstenesta ønsker at du som er barn (over sju år) eller forelder og har kontakt med barnevernstenesta no, kan svare på undersøkinga. Svara er anonyme og ingen vil få vite kva du har svart. Svara vil bli brukt til å utvikle barnevernstenesta vidare.

Det er laga to ulike undersøkingar, ei for foreldre og ei for barn/ungdom.

Brukarundersøkinga vil vere open for deltaking i tidsrommet 1. oktober til 15. november 2026.

Dersom du eller barnet ditt ønsker hjelp til å finne skjemaet, kan kontaktpersonen dykkar hjelpe til med dette.

Takk for at du vil bidra til å betre tenesta vår!


Lenke til undersøking foreldre/føresette

Lenke til undersøking barn og unge