Interkommunal barnevernteneste

Interkommunal barnevernteneste

Hareid, Sande, Ulstein, Vanylven, Volda og Ørsta har felles barnevernteneste: Søre Sunnmøre barnevernssamarbeid. Volda er vertskommune og har ansvar for administrasjon og drift av tenesta.

Telefonnr til Søre Sunnmøre barnevernssamarbeid er 70 05 88 00.

eDialog interkommunal barnevernsteneste: Med tenesta eDialog kan både privatpersonar og verksemder sende dokument til den interkommunale barnevernstenesta via ein sikker og effektiv kanal.

Alle tilsette har arbeidsstaden sin i Volda. Ved behov har dei tilgang til kontor og møterom i kvar av kommunane.

I tillegg er hjelpetiltaka for einslege mindreårige innvandrarar organisert som ein del av barnevernstenesta. 

Målet med denne organiseringa er eit barnevern som skal kunne gje endå betre tenester til born og familiar. Vidare er tidleg innsats eit nasjonalt innsatsområde.

Føremålet med barnevernslova er å sikre at born og unge ikkje vert utsett for omsorgssvikt eller andre skadelege oppvekstvilkår.

Dersom det er naudsynt med tiltak skal barnevernstenesta så langt det er mogleg avgrense seg til tiltak i heimen. Flytting av born skal i utgangspunktet vere ei naudløysing.

Sentrale oppgåver

Dei sentrale oppgåvene til barnevernstenesta er å undersøke bornet sin omsorgsituasjon, sette i verk frivillige hjelpetiltak og om naudsynt fremje forslag om tiltak til fylkesnemnda. Barnevernstenesta skal gjennomføre og følgje opp Fylkesnemnda sine vedtak.

Ved alle tiltak etter barnevernslova skal det leggast vekt på kva som er best for bornet. Personar som til vanleg har teieplikt, har likevel opplysingsplikt overfor barnevernstenesta om det er grunn til å tru at det ligg føre mishandling, alvorleg svikt i omsorg eller alvorlege åtferdsvanskar.

Privatpersonar kan også melde inn dersom dei er bekymra for born.

Skjema for bekymringsmelding (PDF, 135 kB).

Det er eit mål å få til barnevernvakt i området, men inntil vidare må politiet kontaktast i akutte situasjonar. Dei er å nå på telefon 02800 eller på nødnummeret 112.  

Telefonnummer

Telefon: 70 05 88 00

Søre Sunnmøre barnevernssamarbeid har organisasjonsnummer 983 814 174.

Vil du bli besøksheim?

Registreringsskjema for besøksheim.

Tilsette med leiarfunksjon

  • Aina Øyehaug Opsvik er barnevernssjef
  • Torill Osborg Vinjevoll er assisterande barnevernssjef
  • Mette Kjalnes Sørvik er seksjonsleiar for mottak og undersøkingsarbeidet
  • Leila Torsvik er seksjonsleiar for hjelpetiltaksteamet
  • Anette Hauger er seksjonsleiar for hjelpetiltaka retta mot einslege mindreårige flyktningar
  • Siv Dimmen er seksjonsleiar for omsorgsteamet

Adresse:

Stormyra 2,
6100 VOLDA

Nyttige lenker: