Politiets sikkerhetstjenete (PST), Etterretningstjenesten og Nasjonal sikkerhetsmyndighet (NSM) legg fram årlege trusselvurderingar.
Polititets sikkerhetstjeneste (PST)
Polititets sikkerhetstjeneste (PST) skildrar i trusselvurderinga for 2026 at Noreg står i som «den mest alvorlige sikkerhetspolitiske situasjonen siden andre verdenskrig», og understrekar at trusselbiletet krev innsats frå heile samfunnet for å førebyggje og motverke truslar mot rikets tryggleik. PST peikar på at utviklinga med radikalisering blant unge vil halde fram, og at alle borgarar bør vere «årvåkne og bevisste på at slike trusler kan forekomme i vår egen hverdag».
I trusselvurderinga frå PST vert særleg trusselen frå statlege aktørar, politisk motivert vald og trusselen mot myndigheitspersonar løfta fram som tilhøve vi må vere merksame på.
Nasjonal sikkerheitsmyndigheit (NSM
Nasjonal sikkerheitsmyndigheit (NSM) skildrar i Risiko 2026 korleis sårbarheiter i norsk infrastruktur, digitale system og samfunnsfunksjonar kan utnyttast av trusselaktørar, og kva konsekvensar dette kan få for Noreg.
Rapporten understrekjer at risikoen for sabotasje og cyberåtak mot kritiske infrastrukturar som kraftnett, telekommunikasjon og transport aukar, og at verksemder må prioritere førebyggjande tryggingstiltak for å redusere sårbarheita.
NSM framhevar særleg risikoen knytt til avhengigheit av utanlandske skytjenester og teknologi frå globale aktørar, der geopolitiske spenningar kan gjere slike tenester utilgjengelege eller utrygge i ei krisesituasjon.
Rapporten legg òg vekt på at både offentlege og private aktørar må styrkje beredskap og motstandskraft ved å planleggje for reserveløysingar, rask respons og robust gjenoppretting ved bortfall av kritiske tenester.
Etterretingstjenesten (E-tenesta)
Etterretingstjenesten (E-tenesta) si vurdering har ei tydeleg konstatering av at det internasjonale tryggleiksbiletet har endra seg grunnleggjande:
· «Stormakter prioriterer åpenlyst egeninteresser for rask vinning.
· De ser tilbakekomsten av interessesfærer, hvor den sterkestes rett rår.
· Moskva og Beijing deler oppfatningen om at Vesten, og især det transatlantiske samarbeidet, har slått sprekker. Begge ser en mulighet til å styrke sin innflytelse globalt og konsolidere kontroll i sine nærområder.
· Mye av grunnlaget for norsk sikkerhet utfordres, og vi må innse at verdensordenen slik vi kjente den er i oppløsning.»
Dette uttrykkjer uro for svekkinga av internasjonalt samarbeid og institusjonar, og for at rivalisering mellom stormakter som Russland og Kina skaper press på norsk og alliert tryggleik, også i Arktis.
Rapporten analyserer vidare korleis ytre truslar kan materialisere seg gjennom etterretningsaktivitetar.
E-tenesta peikar på kraftig auka aktivitet frå statlege aktørar som Russland og Kina, og identifiserer bruk av alle verkemiddel under terskelen for direkte konflikt som ein risiko for Noreg.
Utviklinga i strategiane til stormaktene – der dei søkjer å svekkje vestleg samhald og posisjonere seg i strategisk viktige regionar – blir vurdert som ei sentral utfordring for norsk tryggleik og forsvarsevne i 2026.
Les meir om nasjonale trusselvurdering her:
PST – Nasjonal trusselvurdering 2026: Norsk trusselvurdering
NSM – Risiko 2026, Dagens valg – morgendagens risiko: NSM Risikorapport 2026
E-tjenesten – Fokus 2026: Fokus 2026 Etterretningstjenesten