Gode råd til barn og unge

Gode råd til barn og unge

Ung jente i samtale med voksen person. - Klikk for stort bilete Marius Beck Dahle for Volda kommune

Er du uroa for deg sjølv, eller nokon nære rundt deg?

Volda kommune skal være ein god stad å bu og leve for alle. Alle barn har rett til å være trygge, og å ha det dei treng! Dersom du kjenner at du har det vanskeleg - heime, på skulen eller i fritida, eller veit om eit barn eller ein ungdom som ikkje har det bra, er det viktig at du seier i frå. Å seie i frå kan vere med på å gjere slutt på ein vanskeleg situasjon.

I Volda er det mange vaksne du kan snakke med om det du er uroleg for; tankar, kjensler og trivsel. Det er lurt å snakke med nokon av desse slik at du kan få hjelp, anten det gjeld deg sjølv, vener eller familie. Nedanfor kan du finne ut kven du kan kontakte, og få nokon gode råd.

Desse kan hjelpe deg der du bur

Nokon du kjenner deg trygg på

Er det ein person du kjenner deg trygg på? Som du syntes det er lett å snakke med? Ein ven, nokon i familien, ein nabo, ein lærar eller kanskje ein fotballtrenar? Det er mange du kan snakke med, som vil lytte og hjelpe deg. Men dersom du syntes det er vanskeleg å kome på nokon, eller du ynskjer å snakke med andre, kan du ta kontakt med ein av dei som står oppført under her.

Det viktigaste er at du delar det som er vanskeleg med nokon.

Barnehage

Volda kommune har tilsaman 15 barnehagar fordelt innad i kommuna, og her møter du flotte og imøtekomande vaksne som er tilgjengeleg dersom det skulle være noko ein lurer på.

Alle barnehagane i Volda kommune skal drivast i samsvar med 
Lov om barnehagar og Rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver

Alle barnehagane i kommunen gir tilbod til barn mellom 1 – 6 år.

Søknad om, og svar på, tildeling av barnehageplass, endring eller oppseiing skal gjerast her.

Skule

Alle barn har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse og trivsel. Dette har alle tilsette på skulen ansvar for. 

§9A i opplæringslova er elevane si arbeidsmiljølov. Det er tydelegare krav og forventningar til kva skulen skal gjer, og reglane skal gjelda både i leksehjelpsordninga og i SFO. Det er lovfesta nulltoleranse mot mobbing.

Elevar eller føresette som treng nokon å snakka med om uro kring det psykososiale miljøet eller mobbing, kan snakka med kontaktlærar eller rektor på den einskilde skule.

Helsestasjon

Helsestasjonen har helsesjukepleiar til stade ved alle skular - du kan ta kontakt med helsesjukepleiaren på din skule om du treng nokon å snakke med.

Vidaregåande skular:

På dei vidaregåande skulane er det også helsesjukepleiarar og andre tilsette som er tilgjengelege for samtalar og rådgjeving.

Her finn du oversikt over dei vidaregåande skulane i Møre og Romsdal

Klikk deg inn på din skule, og gå vidare på "For deg som elev",  og så "Elevtenester", så finn du informasjon om tilbodet på din skule.

Volda Helsestasjon
Held til i kjellaren i Rådhuset. Dei gir tenester til barn og ungdom i alderen 0-21 år og deira føresette, samt gravide. Tlf: 70 05 88 20. Besøk Helsestasjonsportalen for meir informasjon. 

Fastlege

Alle personar som er busett i ei norsk kommune har rett til fastlege. Du har rett til å bytte fastlege inn til to gangar per. kalenderår og du kan ha fastlege i ein annan kommune enn den du bur i. Fastlegen er ansvarleg for å følge opp sine pasientar i legekontorets opningstid, det vil seie at dersom du har behov for nokon å snakke med kan du ta kontakt med ditt legekontor og be om ein time med din fastlege. Ved akutt oppstått skade eller sjukdom utanom fastlegens opningstid må du kontakte legevakta (116 117). Dersom det står om liv, ring 113.

Les meir om fastlegeordninga her.

Volda legesenter 
Stormyra 6

6100 Volda

Telefon: 70 30 70 70
Telefon legevakt: 116 117

Barnevern

Barneverntenesta

Hovudoppgåva til barnevernet er å gi barn, unge og familiar hjelp og støtte i vanskelege situasjonar. Det er foreldra som har ansvar for å gi barna sine omsorg. Dersom foreldra ikkje strekk til, kan barnevernet bidra til å sikre barn og unge omsorg, tryggleik og moglegheit til utvikling. 

Hareid, Sande, Vanylven, Ulstein, Volda og Ørsta har felles barnevernteneste med tilhaldsstad på rådhuset i Volda. 

Adresse:
Stormyra 2
6100 VOLDA

Telefon: 70 05 88 00
Nettstad: volda.kommune.no/barnevern

Barnevernsvakta
Barnevernsvakta er barneverntenesta sin akuttberedskap og er open heile døgnet.
Hovudoppgåva er å bistå barn, unge og familiar i akutte situasjonar, og dei skal fyrst og fremst sikre at barn og unge har det trygt. 

Adresse:
Ålesund politistasjon
Korsegata 4 (Postgården)
6003 ÅLESUND

Politi

Har du eller nokon du kjenner blitt utsett for noko ulovleg? Eller er du kanskje usikker på om det du har vorte utsett for er ulovleg eller ikkje? Da kan du ta kontakt med politiet der du bur. Klikk her for å lese meir om kva politiet kan hjelpe deg med.

Volda og Ørsta politistasjon, Møre og Romsdal politidistrikt.
Torvmyrane 11B
6161 Hovdebygda

Telefon: 70 11 87 00
E-post: post.moreogromsdal@politiet.no

Klikk her for å kome til politiets heimeside. 

Gode råd til barn og unge:

Dinne rettigheiter

Barnekonvensjonen er ei avtale mellom nesten alle land i verden. Her står det om korleis alle barn i verden skal ha det. Noreg har underskreve barnekonvensjonen og gjort den til norsk lov. Barnekonvensjonen gir barn eigne rettigheiter, for eksempel rett til skule, helsehjelp, leik og fritid. Ein viktig rettigheit er at barn skal verte høyrt i saker som gjeld dei. Barnelova (lov om barn og foreldre) regulerer blant anna foreldres plikter og ansvar for barna, og barnas rettigheiter overfor foreldra. Les meir om barnelova på ung.no

Du har eigne rettigheiter frå du vert født. På ung.no finn du ei liste med oversikt over ein del viktige aldersgrenser for når du er gammal nok - frå 0-24 år.

Har du det vanskeleg heime?

Har du foreldre som ofte krangler, som skal skille seg eller opplev du vald i heimen? Her er lenker til informasjon og gode råd:

Når foreldre kranglar

Skilsmisse

Drikk mor eller far din for mykje?

Opplev du vald i heimen? 

Vanskeleg for å gå på skulen
Nettvett

Nettvett handlar om å være smart når du brukar nett, enten på mobil, nettbrett eller pc. Både barn og vaksne trenger å lære om nettvett, slik at vi kan unngå kjipe opplevingar når vi spelar, chatter, deler bilete eller er på leit etter informasjon. 

Lenker til info og råd om nettvett

Om nettvett - Redd barna

Om nettvett - ung.no

Delbart? - politiet

Er det delbart? Sjå film

Slettmeg.no

Mobbing og utanforskap

Har du det ikkje bra? Opplev du utestenging eller mobbing? Er det dårleg miljø i klassa? Er du einsam eller gruar deg til å gå på skule? Slik skal du ikkje ha det, og det er viktig å snakke med nokon om dette. Her finn du lenker til sider med informasjon om mobbing og utestenging.

Vert du mobba?

Kjenner du deg utestengt?

Få hjelp mot mobbing

Mobbeombod

Ein trygg skuledag utan mobbing - statsforvaltaren

Uro kring skulemiljø i Volda

Er du bekymra for radikalisering?
Kropp og seksualitet

Under finn du lenker til meir informasjon om kropp, sex og seksuelle overgrep. 

Lurer du på noko om kropp og sex?

Kva er seksuelle overgrep?

Få hjelp etter seksuelle overgrep

Hjelpetelefonar, chattetenester, nettstadar
Sjølvhjelpsverktøy innanfor psykiske vanskar

Her finn du mykje nyttig informasjon: Helsenorge