Kva gjer eg? BTI-Handlingsrettleiar

Kva gjer eg? BTI-Handlingsrettleiar

 

Nivå 0

OPPDAGE OG UTFORSKE Definer uroa for eit barn. Del uroa med ein kollega eller næraste leiar, før du eventuelt delar uroa med vedkomande.
1. Definer uroa for eit barn
2. Del uroa med kollega/leiar
3. Del uroa med føresette/barnet
4. Vidare kartlegging
5. Avslutt saka

Nivå 1

VIDARE OPPFØLGING Jobb saman med føresette og barn for å finne ei løysing. Her vert det i utgangspunktet jobba innanfor eigen teneste.
1. Felles forståing og tiltak
2. Gjennomfør tiltak
3. Evalueringsmøte
4. Vegen vidare

Nivå 2

SAMARBEID MED FLEIRE Etabler tverrfagleg samarbeid mellom føresette/barnet, eiga verksemd og ei anna teneste for å løyse utfordringa.
1. Samarbeidsmøte
2. Planlegg tiltak
3. Gjennomfør tiltak
4. Evalueringsmøte
5. Vegen vidare

Nivå 3

LANGVARIG KOORDINERT SAMARBEID Jobb i tverrfagleg samarbeid mellom ulike kommunale tenester, føresette, barn/ungdom og tilviste tenester for å løyse utfordringa.
1. Møte med aktuelle instansar
2. Planlegg tiltak
3. Sett i verk koordinerte tiltak
4. Evalueringsmøte
5. Vidare koordinert innsats

Ved mistanke om vald, overgrep eller alvorleg omsorgssvikt: 

Meld saka direkte til barnevernstenesta (70058800 / 91576020) og/eller politi (02800).