Regine S. Aklestad
Undersøkinga vil gi oss verdifull kunnskap om korleis innbyggjarane i Volda kommune reiser i kvardagen. Denne kunnskapen treng vi i arbeidet med både mobilitetsplanen og områdereguleringa for Volda sentrum – to planar som vil vere med på å forme korleis det skal vere å bu, reise og ferdast i kommunen i åra som kjem.
Vi vil gjerne høyre frå deg!
Tysdag 20. mai sender vi ut SMS med lenke til undersøkinga til alle som er registrerte i folkeregisteret i Volda kommune. Har du mobilnummer registrert, vil du få ei melding frå oss.
Undersøkinga tek om lag 20 minutt å svare på. Vi veit det krev litt tid – men svara dine betyr mykje! Korleis reiser du i kvardagen? Kva utfordringar møter du? Di erfaring og meining er verdifull for oss.
Lenke til undersøkinga: https://app.maptionnaire.com/q/voldareisevanar
Ver med i trekkinga av gåvekort
Som takk for at du deltek, kan du bli med i trekkinga av Voldakortet - gåvekort på 500 kroner – vi trekk 5 vinnarar blant dei som har svart innan fristen.
Svar før 9. juni
Undersøkinga er open til og med søndag 9. juni, men vi oppmodar deg til å svare så snart du får meldinga – då er det fort gjort å få det unna.
Tusen takk for at du hjelper oss å gjere Volda kommune endå betre!