Utvida opningstider for førehandsrøysting
Dersom du har bestemt deg, så kan du gjerne førehandsrøyste. Det er ope for mottak av førehandsrøyster laurdag 30. august og langope siste veka før valet. Siste moglegheit til å førehandsrøyste i Volda er fredag 5. september kl. 16:00.
Førehandsrøysting
Volda kommune
Du kan førehandsrøyste på Samfunnshuset i Volda og på Smia i Hornindal:
Samfunnshuset har følgjande opningstider:
- Laurdag 30. august kl 11: 00 - 14: 00
- Mandag 1. september kl 09: 00 - 18: 00
- Tysdag 2. september kl 09: 00 - 18: 00
- Onsdag 3. september kl 09: 00 - 18: 00
- Torsdag 4. september kl 09: 00 - 18: 00
- Fredag 5. september kl 09: 00 - 16: 00
På Smia i Hornindal er det ope for førehandsrøysting onsdag 3. september kl 12: 00 - 18: 00.
Husk legitimasjon
Publisert 29.08.2025 12:59
Sist endra 29.08.2025 14:26