Kva og kvifor heiltidskultur?

Kva og kvifor heiltidskultur?

Kva er heiltidskultur?

Heiltidskultur er ein kultur der heiltidsarbeid er norma, og der majoriteten av dei tilsette jobbar fulltid.

Å bygge heiltidskultur inneber å tenkje nytt om korleis tenester og arbeidstid vert organisert. Det er stort potensial i arbeidskrafta ved å redusere deltidsarbeid, auke stillingsstorleikane og legge til rette for at ledige stillingar kan lysast ut som heile stillingar. Dette er avgjerande for å sikre kvalitet, kontinuitet og tilstrekkeleg kompetanse i tenestene, både i dag og i framtida.

Kvifor treng vi å jobbe med heiltidskultur?

Utfordringane i kommunal sektor er todelte: Auken i eldre befolkning fører til større etterspurnad etter helse- og omsorgstenester, samtidig som tenestebehovet blant barn, unge og unge vaksne aukar.

Deltid påverkar kvaliteten på tenestene. Forsking viser at heiltidskultur og større stillingar gir stor positiv verdi for brukarar, pårørande, tilsette og arbeidsgivar. Heiltid gjer det enklare å sikre god tenestekvalitet, utvikle gode fagmiljø og rekruttere kvalifisert fagpersonell, noko som er avgjerande for å møte framtidige kompetansebehov. 

Volda kommune har ein utprega deltidskultur og har stort potensial for å auke heiltidsandelen og gjennomsnittleg stillingsstorleik. I 2023 starta kommunen eit prosjekt for å utvikle heiltidskultur.

Å utvikle ein heiltidskultur er viktig fordi det gir:

  1. Stabilitet: Heiltidstilsette gir meir stabilitet og kontinuitet i tenestene
  2. Kompetanse: Heiltidstilsette kan utvikle meir kompetanse og erfaring
  3. Arbeidsmiljø: Betre arbeidsmiljø med mindre stress og høgare trivsel
  4. Effektivitet: Meir effektiv ressursbruk og mindre behov for rekruttering
  5. Framtidig bemanning: Sikrar tilstrekkeleg bemanning for å møte framtidige behov

Framskriving av tenestebehov i Volda og andre kommunar: https://www.regjeringen.no/no/tema/kommuner-og-regioner/kommunedata/tjenestebehov2/id2507961/

Tal tenestemottakarar. 2021, 2030 og 2040. Volda - Klikk for stort bileteTal tenestemottakarar. 2021, 2030 og 2040. Volda

Heiltidshjulet

Dei positive effektane av heiltidskultur er samanfatta i Heiltidshjulet til Leif E. Moland, som illustrerer dei gevinstar ein kan forvente i tenestene ved heiltids- eller store deltidsstillingar. 

Heiltidshjulet består av åtte brukarrelaterte kvalitetsvariablar (grøn), fem arbeidsrelaterte variablar som er særleg relevante for tilsette (raud), og seks driftsrelaterte effektivitetsvariablar (blå), som alle er føresetnader for både gode tenester og eit godt arbeidsmiljø.

Heiltidshjulet inneheld åtte brukarrelevante kvalitetsvariablar (grøn), fem arbeidsvariablar som er særleg tilsetterelevante (raud), og seks driftsrelevante effektivitetsvariablar (blå), som er ein føresetnad for gode tenester og eit godt arbeidsmiljø. - Klikk for stort bileteHeiltidshjulet, illustrasjon Leif E. Moland, Fafo.
  • Dei grøne felta viser dei positive effektane for brukarane av tenestene. Brukarane opplever betre kvalitet på tenestene, blant anna gjennom:

    • Meir forutsigbarheit og kontinuitet ved at dei har færre personar å halde seg til
    • Tenester tilpassa eigen døgnrytme og som gir større ro i kvardagen
    • Auka tryggleik

 

  • Dei raude felta viser dei positive effektane for arbeidstakarane. Dei tilsette opplever eit betre arbeidsmiljø, blant anna gjennom:

    • Betre løns- og arbeidsvilkår
    • Betre balanse mellom arbeid og familie
    • Auka trivsel og lågare sjukefråvær

 

  • Dei blå felta viser dei positive effektane for arbeidsgivaren. Arbeidsgivar oppnår betre effektivitet, blant anna gjennom:

    • Eit betre læringsmiljø og meir engasjerte og involverte medarbeidarar
    • Betre omdøme og aukande attraktivitet som arbeidsgivar
    • Meir tid til leiing