Organisering og medverknad

Organisering og medverknad

Arbeidet med heiltidskultur i Volda kommune foregår i trepartssamarbeid der tillitsvalde, verneombod, tilsette og arbeidsgivar jobbar saman for å finne løysingar. 

Gode prosessar gir varige resultat

For å lykkast i å utvikle ein heiltidskultur, er det avgjerande med eit godt samarbeid mellom dei folkevalde, leiarar, verneombod, tillitsvalde og dei tilsette i kommunen. God forankring gjennom breie prosessar er avgjerande for varige resultat. Partssamarbeid for tenesteutvikling skal betre tenestene til innbyggarane og arbeidskvardagen for dei tilsette, gjennom aktiv dialog, utprøving og tillitsbygging. 

 

Prosjektorganisering

 

Prosjektorganisering - Heiltidskultur i Volda kommune - Klikk for stort bileteProsjektorganisering - Heiltidskultur i Volda kommune

Det er etablert ein prosjektorganisering der prosjektgruppa har det operative ansvaret for å sikre samordning av utviklingsarbeidet, koordinert framdrift og følge opp arbeidet innafor temaområde. Det etablerast delprosjekt innafor kvart temaområde, organisert i arbeidsgrupper. STIM-gruppene er samansett av leiar, tillitsvalde og verneombod, og skal følgje opp arbeidet med heiltidskultur på den enkelte arbeidsplass.

*STIM står for: Samarbeid, Tryggleik, Inkludering og Miljø.

 

Heiltidserklæring for Volda kommune 2023-2026 (pr. 17.04.2023) (PDF, 258 kB) er eit dokument der partane erklærer at vi ønsker å jobbe saman mot felles mål om å bygge ein heiltidskultur i Volda kommune.