Mandat og mål

Mandat og mål

Mandat

I møte 28.02.2025 i kommunedirektøren sin leiargruppe fekk kommunalsjef Helse og omsorg (prosjekteigar) i oppdrag å utvikle og implementere ein heiltidskultur i helse og omsorg:

Sektor helse og omsorg har ein utprega deltidskultur blant turnustilsette. Prosjekteigar får i mandat å utvikle og implementere ein heiltidskultur i helse og omsorg, ved iverksetting av tiltak og aktivitetar som fremjar gode og effektive tenester, auka heiltid, godt arbeidsmiljø og økonomisk berekraft.

Det skal vere brei involvering og medverknad frå leiarar, tilsette, tillitsvalde og verneombod. Brukarane skal oppleve god tenestekvalitet med kontinuitet, tryggheit og brukarmedverknad.

Det skal arbeidast med utgangspunkt i satsingsområde i kommunedelplan for helse og omsorg, forsøk med nye arbeidstidsordningar og alternative måtar å organisere arbeidet på.

 

  • Effektmål

    • Betre tenestekvalitet
    • Meir effektive tenester
    • Berekraftig og betre arbeidsmiljø
    • Betre rekruttering
    • Auka kompetanse, kapasitet, kontinuitet og kvalitet (4K)
    • Auka nærvær
    • Kompetente og kjende medarbeidarar
    • Godt omdømme
    Illustrasjon, Leif E. Moland, Fafo.  - Klikk for stort bileteIllustrasjon, Leif E. Moland, Fafo.

 

  • Resultatmål

    • Auka heiltidsandel (5 % årleg)
    • Auka gjennomsnittleg stillingsstorleik (5 % årleg)
    • Redusert ufrivillig deltid
    • Fleire heiltidsutlysingar
    • Redusert vikarbruk, færre vakansar
    Illustrasjon, Leif E. Moland, Fafo.  - Klikk for stort bileteIllustrasjon, Leif E. Moland, Fafo.

 

Mandat: Utvikling av Heiltidskultur i helse og omsorg (PDF, 2 MB)