Permisjonspraksis

Permisjonspraksis

Som eit ledd i arbeidet med heiltidskultur er delprosjektet Permisjonspraksis etablert i arbeidet med å utvikle ein heiltidskultur i Volda kommune. 

  • I 2023 vart det gjennomført eit forprosjekt om permisjonspraksisen i Volda kommune og korleis denne har påverka deltidsstillingane. Funna er oppsummerte i ein rapport til prosjektgruppa, som også inneheld forslag til vegen vidare. Ein viktig konklusjon er at vurderinga av «vesentleg ulempe» for arbeidsgivar ved permisjonar ofte manglar ved handsaminga av permisjonssøknadar.

 

Målet med prosjektet er å avdekke om permisjonspraksisen påverkar andel deltidsstillingar og gjennomsnittleg stillingsprosent i kommunen. Effektmål og resultatmål er:

  • Effektmål

    Etablere klare retningsliner for søknad og handsaming av permisjonssøknader knytt til AML § 10-2 (4) og sjukepermisjonar etter maksdato jf. permisjonsreglementet punkt 4.7, slik at permisjonspraksisen blir meir føreseieleg for tilsette og leiarar

    Resultatmål 1

    Få oversikt over permisjonspraksisen knytt til omsorgspermisjon og sjukepermisjon og omfanget av slike permisjonar

    Resultatmål 2

    Få klarheit i kva betyr AML sin ordlyd: Vesentleg ulempe for arbeidsgivar, og kor stor ulempe må tolast før konsekvensen vert avslag på søknad

    Resultatmål 3

    Definere omgrepet: Sannsynleg å kome attende til arbeidet innan rimeleg tid, som vert nytta i vurdering av permisjonar etter maksdato

    Resultatmål 4

    Få oversikt over korleis praksisen er i høve til permisjonsreglementet punkt 4.7: Permisjon kan gjevast under føresetnad av at det er utsikt til å kome attende i stillinga heilt eller delvis, etter avtalt permisjon

 

Prosjektgruppe permisjonspraksis

Berit Lyngstad (personalsjef), Britt Helen Rognstad (personal), Bente Vatnehol (personal), Anita Gaarder (barnehage), Tom-Erik Bogen (skule), Astrid Dimmen (helse og omsorg), Wenche Skjærvik (reinhald), Cathrin Fremmerlid (hovudtillitsvald Utdanningsforbundet), Robert Bueide Watne (hovudtillitsvald Fagforbundet).

 

Aktuelle linkar:

FoU: Utlysningspraksis er viktig for heltidskultur