Permisjonspraksis

Permisjonspraksis

Som eit ledd i arbeidet med heiltidskultur er delprosjektet Permisjonspraksis etablert i arbeidet med å utvikle ein heiltidskultur i Volda kommune. 

I 2023 vart det gjennomført eit forprosjekt om permisjonspraksisen i Volda kommune dei siste åra, og korleis denne har påverka statistikken for deltidsstillingar i kommunen.  Funna er oppsummert i ein rapport med forslag til vegen vidare. Eit viktig punkt i rapporten er knytt til vurderinga av «vesentleg ulempe» for arbeidsgivar ved permisjonar. Ofte manglar denne vurderinga ved handsaming av permisjonssøknadar. 

Målet for delprosjektet Permisjonspraksis er å avdekke om permisjonspraksisen påverkar andel deltidsstillingar og gjennomsnittleg stillingsprosent i kommunen,. Effektmål og resultatmål kjem fram av tabellen under: 

Mål for permisjonspraksis i 2023
Effektmål Etablere klare retningsliner for søknad og handsaming av permisjonssøknader knytt til AML § 10-2 (4) og sjukepermisjonar etter maksdato jf. permisjonsreglementet punkt 4.7, slik at permisjonspraksisen blir meir føreseieleg for tilsette og leiarar
Resultatmål 1 Få oversikt over permisjonspraksisen knytt til omsorgspermisjon og sjukepermisjon og omfanget av slike permisjonar
Resultatmål 2 Få klarheit i kva betyr AML sin ordlyd: Vesentleg ulempe for arbeidsgivar, og kor stor ulempe må tolast før konsekvensen vert avslag på søknad
Resultatmål 3 Definere omgrepet: Sannsynleg å kome attende til arbeidet innan rimeleg tid, som vert nytta i vurdering av permisjonar etter maksdato
Resultatmål 4 Få oversikt over korleis praksisen er i høve til permisjonsreglementet punkt 4.7: Permisjon kan gjevast under føresetnad av at det er utsikt til å kome attende i stillinga heilt eller delvis, etter avtalt permisjon

 

Prosjektgruppa for delprosjektet Permisjonspraksis er samansett av: Berit Lyngstad (prosjekteigar), Britt Helen Rognstad (personal), Bente Vatnehol (personal), Anita Gaarder (barnehage), Tom-Erik Bogen (skule), Astrid Dimmen (helse og omsorg), Wenche Skjærvik (reinhald), Cathrin Fremmerlid (hovudtillitsvald), Robert Bueide Watne (hovudtillitsvald).

 

Aktuelle linkar

FoU: Utlysningspraksis er viktig for heltidskultur