Utlysingspraksis og rekrutteringsstrategi

Utlysingspraksis og rekrutteringsstrategi

Som eit ledd i arbeidet med heiltidskultur er delprosjektet Utlysingspraksis og rekrutteringsstrategi etablert i arbeidet med å utvikle ein heiltidskultur i Volda kommune. 

Målet å undersøke om utlysingspraksisen vår hindrar ein heiltidskultur. Vi vil vurdere korleis vi lyser ut stillingar, om vi vurderer behovet ved ledige stillingar, og om vi søker etter det vi faktisk treng. Gruppa har fått i mandat å gi anbefalingar for utlysingspraksis og foreslå endringar i rekrutteringsstrategien.

  •  

    I arbeidet vil vi bruke KS sitt verktøy for utlysing av heiltidsstillingar 

    Verktøyet består av fem fasar frå stilling blir ledig til tilsetting, og støttar utviklinga av ein heiltidskultur.

  • Fem fasar for god utlysingspraksis. Illustrasjon KS. - Klikk for stort bileteFem fasar for god utlysingspraksis. Illustrasjon KS.

 

Ein FAFO-rapport bekreftar at utlysningspraksisen i kommunane støttar deltidskultur og hindrar utviklinga av heiltidskultur. Stillingar vert ofte lyst ut på auto-repeat, og turnusar går i arv. Barrierane, som økonomi og organisering, er mange, men forsking viser at det er mogleg å endre praksis. Rapporten gir konkrete råd for kva som bør gjerast.

 

Prosjektgruppe utlysingspraksis og rekrutteringsstrategi

Berit Lyngstad (personalsjef), Britt Helen Rognstad (personal), Bente Vatnehol, (personal), Heidi Jeiskeli Wiik (personal), Ingunn Gjengedal (helse og omsorg), Anita Gaarder (barnehage), Line Homberset (skule), Wenche Skjærvik (reinhald), Cathrin Fremmerlid (hovudtillitsvald Utdanningsforbundet) og Knut Øystein Ekroll (hovudtillitsvald Nito), Bente Engeseth (kommunikasjon). 

Aktuelle linkar: