Tørn - eit steg mot heiltidskultur

Tørn - eit steg mot heiltidskultur

Volda kommune deltek i KS sitt nasjonale læringsnettverk Tørn for å utvikle meir berekraftige helse- og omsorgstenester.  Arbeidet er del av satsinga vår på heiltidskultur og betre organisering av arbeidet og arbeidstida, med fokus på tenestestyrt bemanningsplanlegging og systematisk utviklingsarbeid.

Tørn Kommune - Klikk for stort bileteTørn Kommune - Helse og omsorg i nye tider

 

Kvifor Tørn?

Volda kommune står overfor store og samansette utfordringar:

  • Fleire eldre og færre i arbeidsfør alder
  • Mangel på helsefagleg personell
  • Press på økonomien og tenestene
  • Auka behov for fleksible og berekraftige løysingar

Dette krev nytenking rundt både oppgåvedeling, arbeidstid og bemanning.

 

Mål med deltakinga

  • Gjennom Tørn ønsker vi å:

    • Skape stabile og trygge tenester av høg kvalitet
    • Sikre ein meir føreseieleg arbeidskvardag for tilsette
    • Auka andelen heiltidsstillingar og redusere uønskt deltid
    • Bruke kompetansen smartare gjennom ny oppgåvedeling
    • Fremme samarbeid og samanheng i tenestene
    • Utvikle turnusar som gir betre balanse mellom jobb og fritid
    • Vere ein attraktiv og ansvarleg arbeidsgivar

 

Forankring og forventningar

Heiltidsarbeidet i kommunen er godt forankra både politisk og administrativt. Tørn er integrert i organisasjonen med styringsgrupper, prosjektgrupper og partssamansette grupper. Leiinga er tett involvert og ser Tørn som eit viktig verktøy i utviklinga av framtidsretta tenester.

 

To runder med Tørn - frå pilot til felles sastsing

Volda kommune deltek i to runder av Tørn-programmet. I den pågåande satsinga (2025–2026) deltek heile helse- og omsorgssektoren, og vi bygger vidare på erfaringar frå pilotprosjektet i bu- og habiliteringstenesta.

Pilotfasen gav verdifull innsikt i oppgåvedeling, turnus og organisering, og legg no grunnlaget for ei breiare og meir heilskapleg omstilling i heile sektoren.

Tørn 2025-2026 -> Helse og omsorg

Heile helse- og omsorgssektoren med i Tørn 2025-2026

Volda kommune deltek i KS sitt Tørn-program som ein sentral del av arbeidet med å utvikle ein heiltidskultur i helse- og omsorgstenestene.  I søknaden (PDF, 851 kB) til Tørn 2025–2026 legg kommunen vekt på behovet for ei heilskapleg utvikling og omstilling i heile sektoren.

 

Eit felles løft for helse og omsorg
Alle tenestestader innan helse og omsorg deltek i Tørn. Programmet gir ei felles utviklingsmoglegheit, med vekt på samarbeid på tvers av avdelingar og tenester.

 

Saman for berekraftige løysingar
Gjennom Tørn skal vi finne gode og langsiktige løysingar på utfordringar knytt til:

  • Organisering av tenestene
  • Oppgåvedeling mellom tilsette og avdelingar
  • Arbeidstid og turnusar

 

Dette vil vi oppnå

  • Stabile og trygge tenester av høg kvalitet
  • Ein meir føreseieleg og god arbeidskvardag for tilsette
  • Auke tilgong på heiltidsstillingar og redusert uønskt deltid
  • Smartare oppgåvedeling og betre bruk av kompetanse
  • Styrka samarbeid på tvers for meir samanhengande tenester
  • Turnusar som gir betre balanse mellom jobb og fritid
  • Ein meir attraktiv og ansvarleg kommune som arbeidsgivar

 

Målet

Å skape ein meir robust og framtidsretta helse- og omsorgssektor - til det beste for både innbyggarar og tilsette.  

 

Aktivitetsplan Tørn Kommune 2025-2026

Aktivitetsplan Tørn Kommune 2025-2026 - Klikk for stort bileteAktivitetsplan Tørn Kommune 2025-2026
Tørn 2024-2025 -> Bu- og habiliteringsteneste

Volda kommune deltok i Tørn første gong i 2024-2025
Volda kommune søkte (PDF, 3 MB) deltaking i Tørn 2024–2025 med utgangspunkt i behovet for utvikling og omstilling i bu- og habiliteringstenesta. Målet var å skape ei meir tilpassa og effektiv teneste for innbyggarane.

 

Kleppevegen som pilot i Tørn
Bu- og habiliteringstenesta omfattar seks seksjonar, og Kleppevegen blei valt som pilot og første arbeidsplass som deltek i Tørn. Pilotfasen har vore viktig for å prøve ut nye arbeidsmetodar og utforske nye måtar å organisere tenestene på - som grunnlag for vidare omstilling i helse- og omsorgssektoren.

 

Mål med deltakinga
Gjennom Tørn ønskte Volda kommune å:

  • Forbetre kvaliteten i bu- og habiliteringstenestene
  • Sikre betre tilrettelegging for brukarane
  • Auke effektiviteten og betre ressursbruken

 

Arbeidsgruppe ved Kleppevegen

Den partssamansette arbeidsgruppa ved Kleppevegen består av STIM-gruppa: Seksjonsleiar, tillitsvalde og verneombod. Gruppa representerer både leiing og tilsette, og arbeider saman for å utvikle framtidsretta og berekraftige løysingar i bu- og habiliteringstenesta. Prosjektleiar for Tørn i Volda kommune, Nina Kvalen, deltek òg i arbeidet.

STIM står for: Samarbeid, tryggleik, inkludering og miljø.

Arbeidsgruppe (STIM) for Tørn-piloten ved Kleppevegen: Seksjonsleiar, tillitsvald, verneombod og prosjektleiar. Ein av dei tillitsvalde er ikkje med på bildet. - Klikk for stort bileteArbeidsgruppe (STIM) for Tørn-piloten ved Kleppevegen: Seksjonsleiar, tillitsvald, verneombod og prosjektleiar. Ein av dei tillitsvalde er ikkje med på bildet. Volda kommune
  • Motivasjon for deltaking i Tørn - Kleppevegen

    Kleppevegen ønsker å utvikle og prøve ut varige endringar i organisering av oppgåver og arbeidstid for å:

    • Bygge heiltidskultur og auke talet på tilsette med helsefagleg kompetanse
    • Sikre betre kvalitet, stabilitet og kontinuitet i tenestene
    • Tilpasse arbeidstidsordningar betre til brukar- og tenestebehov
    • Lære og dele erfaringar med andre kommunar gjennom eit strukturert læringsnettverk
    • Vere ein attraktiv og framtidsretta arbeidsplass

     

    Seksjonen har gjennomført omorganisering frå mars 2024, og ser behov for vidare justeringar og kompetanseutvikling. Det er også ønske om å teste ut langturnus og auke bruken av velferdsteknologi.

 

Aktivitetsplan Tørn Kommune 2024-2025

Aktivitetsplan Tørn Kommune 2024-2025 - Klikk for stort bileteAktivitetsplan Tørn Kommune 2024-2025

 

Verktøy og metodar

Volda kommune deltek i læringsnettverk som nyttar Rettleiar 2 - Ny organisering av arbeidet og arbeidstiden:

 

I tillegg brukar vi Tørn si digitale verktøykasse, - med metodar og erfaringar frå andre kommunar over heile landet.

👉 Sjå verktøykassa her: Verktøykassa  

 

Aktivitetsplan Tørn Kommune 2025-2026

Aktivitetsplan Tørn Kommune 2025-2026 - Klikk for stort bileteAktivitetsplan Tørn Kommune 2025-2026

 

Aktuelle linkar