Volda kommune har vedtatt å busetje 150 flyktningar i 2022

Volda kommune har vedtatt å busetje 150 flyktningar i 2022

Med bakgrunn i flyktningkrisa i samband med krigen i Ukraina, har IMDI oppmoda Volda kommune om å ta i mot totalt 150 flyktningar i 2022. Kommunestyret vedtok samrøystes å imøtekome oppmodinga.

  • Volda kommunestyre vedtek å busette totalt 150 flyktningar i 2022. Vedtaket inkluderer ikkje busetting av einslege mindreårige flyktningar (EM), med mindre dei har nær slekt i Volda. Busettingstalet på 150 flyktningar inkluderer dei 50 som kommunestyret allereie har fatta vedtak om i sak 11/22, i møte 10.03.2022. Familiesameiningar kjem i tillegg.
  • Kommunestyret syner til sak 11/22 og viser til at busetting utover 25 flyktningar er knytt til situasjonen som har oppstått i Ukraina og behovet for å busetje ukrainske flyktningar.
  • Volda kommunestyre er innforstått med at eit så stort antal flyktningar på eitt år er ei krisehjelp til ei hardt ramma gruppe. Tenestene i Volda kommune må delast på fleire, og innbyggjarane må vere budd på lenger ventetid og reduksjon i tenestetilbodet.

(utdrag frå vedtaket)

Busetting av så mange flyktningar på eit år, er meir enn Volda nokon gong før har gjort.  Den ekstraordinære busetjinga vil vere ei stor samfunnsoppgåve der alle innbyggjarane må vere med og medverke på ein eller annan måte. Den ekstraordinære busetjinga vil kunne utfordre kapasiteten i tenestene og oppbemanning av tenestene på kort varsel kan vere utfordrande. Vi vert vert difor fleire som må dele på det vi har, og vi må vere førebudde på å yte ein fellesinssats i form av å redusere forventningar og akseptere lenger ventetid. Det er også ynskeleg at det vert mobilisert til frivillig innsats for å aktivisere og inkludere flyktningane på fritida. 

Volda kommune er godt i gang med å kartlegge av bustader/bygg som kan gjerast tilgjengelege for midlertidig innkvartering og permanent bustad til busetting av flyktningar. I kartleggingsarbeidet har kommunen teke kontakt med nokre bustadeigarar, og tilsaman har 32 bustadeigarar og innbyggjarar meldt inn ledig bustadkapasitet. 17 er lokalisert i krinsane og 15 er lokalisert i Volda sentrum.  Vi oppmoder fleire om å melde inn potensiell bustad for utleige til flyktningar. Kommunen vil ta kontakt viss det blir behov for å nytte bustadene. Dei som melder seg pliktar ikkje å halde bustaden ledig i mellomtida. 

Kommunedirektøren vil ta imot flyktningane i Volda sentrum og har inngått avtale med studentsamskipnanden om ledig bygg til midlertidig innkvartering i ein tidleg fase. Tanken er at dei så kan bli busett i heile kommunen. Føresetnaden er at tilhøva ligg til rette med tilgang til sentrale funksjonar som barnehage, skule, butikk og offentleg kommunikasjon som gjer kvardagen enkel for personane og familiane som kjem.

Artikkelliste