Fargepalett

Fargepalett

Profilhandboka har definerte fargekodar som tilsette skal nytte.

Avhengig av kva som skal produserast, har profilhandboka definert eit sett med fargar som skal nyttast. Sjå fargepalett øvst i saka.

Kvar sektor har sine hovud- og støttefargar. Universalfargen er mørk blå, som også vert nytta av administrasjonen. Denne fargen kan også nyttast som støttefargar for dei andre sektorane.

Elles har sektorane følgjande hovudfargar:

  • Helse og omsorg: Lyseraud
  • Oppvekst: Lysegrøn
  • Samfunnsutvikling: Okergul

Nedlastingsfil

Dersom du ønskjer å laste ned fargepaletten til bruk i til dømes Photoshop, Illustrator eller InDesign, finn du fargepaletten som nedlastingsfil her: Volda kommune - fargepalett (ASE, 970 B)