Voldakortet for studentar

Voldakortet for studentar

Alle søknader om Voldakortet er ferdig handsama, og søkarane har motteke svar på e-post.

Du kan få informasjon om ordninga og hente Voldakortet ditt på vår stand på Berte Kanutte:

  • Torsdag 4. april 2024 kl 13-15
  • Onsdag 10. april 2024 kl 11-13

Ta meg til søknadsskjema!

Meld flytting til Volda og få VOLDAKORTET til ein verdi av kr 5 000

 

Du kan søke om VOLDAKORTET om du er heiltidsstudent ved Høgskulen i Volda, har betalt semesteravgift og har meldt flytting til Volda.

Informasjon om stønadsordning for studentar som flyttar til Volda

Er du student og har meldt flytting til Volda, kan du få Voldakortet til ein verdi av kr 5000. Du må melde flytting før du søker. Meld flytting via sidene til Skatteetaten - det kan ta tid å få registrert di nye adresse. 

Voldakortet kan nyttast til varekjøp i lokale butikkar, kulturopplevingar, treningssenter, skisenter, kino, konsertar, helseklinikkar, velvære, serveringsstader m.v.

Oversikt over kvar du kan bruke Voldakortet finn du på nettsida til Volda Næringsforum.


Vilkår

  1. Du må vere heiltidsstudent ved Høgskulen i Volda og betalt semesteravgift.
  2. Du må ha meldt flytting til Volda etter 01.01.2021 og ha norsk fødselsnummer.
  3. Ordninga gjeld ikkje om du flyttar til Volda frå nabokommunar og kommunar på Søre Sunnmøre, dvs. frå: Ørsta, Ulstein, Hareid, Herøy, Sande, Vanylven, Stad, Stranda og Stryn.
  4. Internasjonale studentar som skal studere i minimum to år ved Høgskulen i Volda, kan søke om Voldakortet for studentar.
  5. Du kan søke ordninga ein gong.
  6. Du pliktar å vere folkeregistrert i Volda under heile studietida ved Høgskulen i Volda. Vi oppmodar deg om å vere folkeregistrert i Volda til og med 01.07 det året du skal flytte frå Volda.
  7. Voldakortet blir utstedt etter søknad med følgjande vedlegg: Flyttemelding, kvittering på betalt semesteravgift, og ev. krav i punkt 4 for internasjonale studentar.

 

Slik går du fram

Meld flytting no - det kan ta tid å få registrert di nye adresse.

  1. Meld flytting til folkeregisteret via sidene til Skatteetaten.
    • Det kan ta inntil 3 veker før Skatteetaten har endra adressa di.
    • Når di nye adresse er registrert vil du få kvittering i Altinn.
    • Har du meldt flytting tidlegare, men manglar flyttemelding, kan du bestille bustadattest frå Skatteetaten.
  2. Gå til: Søknadsskjema for Voldakortet for studentar. Du må laste opp:
    • Flyttemelding/bustadattest (frå Skatteetaten).
    • Kvittering på betalt semesteravgift.
    • Internasjonale studentar må legge ved dokumentasjon frå Høgskulen i Volda om at dei skal studere i Volda i minimum to år.
  3. Når søknaden er godkjent får du stadfesting på e-post, med informasjon om når og kvar du kan hente Voldakortet. 
  4. Hugs å ta med stadfesting på at du er innvilga Voldakortet og gyldig legitimasjon.

Søknaden blir handsama i samsvar med GDPR.

Ofte stilte spørsmål

Når kan eg søke om Voldakortet for studentar?

Du kan søke om Voldakortet for studentar når du kan dokumentere:

  1. Flyttemelding frå Skatteetaten med bustadadresse i Volda kommune og
  2. Kvittering på betalt semesteravgift ved Høgskulen i Volda
  3. Internasjonale studentar må dokumentere at dei skal studere ved Høgskulen i Volda i minimum to år.

Desse dokumenta skal vere vedlegg til søknaden.

Når kan eg hente Voldakortet for studentar?

Sjå informasjon øvst på sida når og kvar du kan hente Voldakortet.

Kva er Voldakortet?
  • Voldakortet er ei gåvekortordning i Volda som kan nyttast til varekjøp i lokale butikkar, kulturopplevingar, treningssenter, skisenter, kino, konsertar, helseklinikkar, velvære, serveringsstader m.v. 
  • Studentar som melder flytting til Volda kan få Voldakortet til ein verdi av kr 5000, ein gong
  • Voldakortet kan ikkje hevast i kontantar, og ikkje nyttast til kjøp av alkoholhaldige varer i daglegvarehandel eller på serveringsstadar
  • Oversikt over brukarstader for Voldakortet finn du på nettsida til Volda Næringsforum
Kor lang tid tar det før flyttemeldinga er godkjent hos Skatteetaten?
  • Om flyttemeldinga blir godkjent automatisk, blir di nye adresse registrert med ein gong.
  • Det kan ta 2-3 veker å handsame søknaden manuelt. Du får melding frå Skatteetaten om dette.
  • Når di nye adresse er registrert får du kvittering i Altinn.
  • Du kan logge inn og sjå statusen på din sak, sjå Skatteetaten.
Kvifor melde flytting?
  • Hovudregelen for folkeregistrering er at du skal vere busett i den kommunen og på den adressa der du har mest opphald, men som student kan du sjølv velje om du vil endre folkeregistrert adresse. 
  • Den folkeregistrerte adressa er di offisielle adresse og har verknader for dine rettar og plikter i samfunnet. Treng du ytingar frå det offentlege, er det viktig at du er registrert i den kommunen det gjeld. 
  • Folkeregisteret gir grunnlag for den offentlige statistikken, som er viktig for å utvikle og betre det offentlege tenestetilbodet, også overfor studentar. Studentar nyttar t.d. legevakt, helsestasjon, friluftsareal, idretts- og kulturtilbod i studiekommunen.
Må eg byte fastlege om eg melder flytting?
Er det ulemper ved å melde flytting?
  • Flytting til studiekommunen vil kunne føre til at du ikkje lenger er omfatta av foreldre/føresette sine forsikringar som gjeld heimebuande barn med same folkeregistrerte adresse
  • Studentar har høve til å teikne studentmedlemskap i ein fagforeining og få rimelege forsikringspakkar med innbu-, reise-, ulykkes- og uføreforsikring
  • Fleire forsikringsselskap har rimelege forsikringspakkar til studentar
Vil flytting ha innverknad for lån og stipend frå lånekassa?
  • Nei. Flytting har ikkje innverknad på lån og stipend til studentar i høgare utdanning frå lånekassa
  • Studentar kan ikkje få bortebuarstipend (det er berre elevar med ungdomsrett som kan få bortebuarstipend) 
  • Ordninga med reisestipend for studentar i høgare utdanning tok slutt studieåret 2017/2018, og studentar får ikkje lenger reisestipend ved å ha same folkeregistrerte adresse som foreldre/føresette
  • Ved at studentane er bortebuar, dvs. at dei ikkje bur i same hus som foreldra, vil inntil 40% av basislånet bli gjort om til stipend. Dette vil ikkje endre seg ved å melde flytting til studiekommunen i folkeregisteret.
Kva fordelar vil eg som student få ved å melde flytting til Volda?
  • Du kan få Voldakortet til ein verdi av kr 5000 som kan nyttast til varekjøp i lokale butikkar, kulturopplevingar, treningssenter, skisenter, kino, konsertar, velvære, serveringsstader m.v.
  • Du får stemmerett ved lokalval og kan påverke utviklinga i Volda. Det kan føre til auka tilhøyrsle i Voldasamfunnet og ha positive effektar for deg som student og for studiemiljøet
  • Som innbyggjar i Volda får du same rettar som øvrige innbyggjarar i kommunen
Eg melde flytting til Volda i 2020. Kan eg få Voldakortet?

Dessverre. Ordninga gjeld berre studentar som har meldt flytting til Volda etter 01.01.2021.

Voldakortet for internasjonale studentar?

Internasjonale studentar som flyttar til Volda for å studere i minimum to studieår, kan søke om Voldakortet for studentar. Du må legge fram dokumentasjon på at du skal studere i Volda over fleire år. 

 

Kvar kan eg bruke Voldakortet?

Sjå heimesida til Volda Næringsforum for kvar du kan bruke Voldakortet ditt.

Korleis sjekke saldo på Voldakortet?

Her kan du sjekke saldo på Voldakortet ditt.

Kva gjer eg når eg har mista Voldakortet?

Om du har pengar att på Voldakortet ta kontakt med Volda Næringsforum for å sperre kortet slik at andre ikkje kan bruke kortet, og få hjelp til å overføre saldoen til eit nytt kort. 

Ta kontakt om du har spørsmål eller treng bistand med:

 

Sakshandsamar

Prosjektleiar: Nina Kvalen

Sakshandsamar Elisabeth Gamlem Lødemel og prosjektleiar Nina Kvalen på stand under Fadderveka 2023 på Berte Kanutte, Høgskulen i Volda.

 

Kommunale vedtak: