Framdriftsplan

Framdriftsplan

Kommunestyret skal behandle budsjett for 2024 og økonomiplan for 2024-2027 den 14. desember.

Budsjett og økonomiplan vart presentert for kommunestyret onsdag 8. november. Det vert vidare lagt fram til styre, råd og utval for behandling.

Formannskapet gjer innstilling til kommunestyret 28. november 

Når formannskapet har gjort si innstilling, vert dokumenta lagt ut på kommunen si nettside og innbyggjarane vert invitert til å kome med uttale og innspel.

Alle kan ta kontakt for å spørje eller kome med synspunkt om budsjettet og økonomiplanen Alle innspel må vere skriftelege dersom dei skal følge saka vidare til kommunestyret. De kan sende innspel på e-post til postmottak@volda.kommune.no eller på  eDialog som er sikker elektronisk sending.

Folkemøte 6. desember 

Det vert folkemøte 6. desember kl. 18.00 på Volda ungdomsskule. Det er ordføraren som inviterer til møte og vil leie dette.

Kommunestyret får budsjett og økonomiplanen tilbake til behandling, med innstillingar frå andre styre, råd og utval og alle innspel som har kome inn, og endeleg vedtak blir gjort i kommunestyret 14. desember 2023.   

Lenke til administrativt framlegg til budsjett og økonomiplan:

https://pub.framsikt.net/2024/volda/bm-2024-øpl_2024-2027

 

Framdriftsplan budsjett 24 og økonomiplan 2024-2027
Utval/forum Dato
Presentasjon for kommunestyret 8. november
Formannskapet 14., 21. og 28. november
Eldrerådet 13. november
Råd for personar med funksjonsnedsetting 13. november
Tenesteutval for forvaltning og utvikling 20. november
Tenesteutval for helse og omsorg 16. november
Tenesteutval for oppvekst og kultur 15.november
Ungdomsrådet 22. november
Folkemøte 6. desember
Kommunestyret endeleg vedtak 14. desember

 

Kontakt oss:

Send oss gjerne ein e-post til: postmottak@volda.kommune.no

Dersom du ønsker å sende inn på ein sikker måte kan du nytte deg av sending gjennom eDialog