De kan lese framlegget til budsjett og økonomiplan her:
https://pub.framsikt.net/2027/volda/bm-2027-vk27
Underskot i drifta og ROBEK
Kommunedirektøren legg fram eit forslag til budsjett og økonomiplan som skal stanse den økonomiske negative utviklinga og leggje grunnlaget for berekraftige tenester i framtida. Framlegget inneber krevjande prioriteringar og endringar som vil kunne påverke både tilsette, brukarar, familiar og lokalsamfunn.
Volda kommune står i ein svært krevjande økonomisk situasjon. Over fleire år har utgiftene vore høgare enn inntektene. I 2026 brukar kommunen om lag 50 millionar kroner meir enn dei løpande inntektene gir rom for. For 2027 er det forventa at dette avviket aukar til 56 millionar. Underskota i drifta har til no vorte dekt av disposisjonsfondet (oppsparte midlar). Neste året er disposisjonsfondet tomt, og kommunediktøren ser seg derfor nøydd til å leggje fram eit budsjett og økonomiplan med underskot i drifta.
Dersom kommunestyret vedtek eit budsjett og ein økonomiplan som ikkje er i balanse, vil kommunen kome i ROBEK-registeret. ROBEK løyser likevel ikkje dei grunnleggjande utfordringane. Det reduserer ikkje gjelda, endrar ikkje demografien og gir ikkje kommunen fleire arbeidstakarar eller lågare kostnader i tenestene. Men kommunen vert tvinga til å gjere noko med situasjonen, og ein kan ikkje skyve dei vanskelege prioriteringane ut i tid, seier kommunedirektør Rune Sjurgard.
Må bruke ressursane annleis
Volda kommune har eit brutto budsjett på om lag 1,5 milliardar kroner og leverer kvar dag gode og viktige tenester. Hovudutfordringa er å tilpasse tenestene til dei økonomiske rammene kommunen faktisk har. Det betyr at ressursane må brukast annleis, og at tenestene må drivast til ein lågare kostnad. Vi kan derfor ikkje leggje til grunn at vi skal organisere alle tenester på same måte som i dag og møte framtida berre ved å arbeide litt meir effektivt. Vi må over tid tilpasse bygg, bemanning, kompetanse, organisering og økonomiske prioriteringar til dei faktiske behova i befolkninga, tilgangen på arbeidskraft og dei økonomiske rammene kommunen har. Nedlegging vert i denne samanhengen like mykje ei omlegging for at kommunen i framtida kan levere forsvarlege kjernetenester til alle innbyggjarane.
Hovudfaktorar som forklarar den økonomiske situasjonen
Den økonomiske situasjonen har ikkje éi enkelt årsak. Kommunedirektøren peikar særleg på fire forhold:
- høg lånegjeld og store rente- og avdragsutgifter
- for høgt driftsnivå
- høgt sjukefråvær
- svak folketalsutvikling, som påverkar inntektene til kommunen
Auken i dei frie inntektene gjennom statsbudsjettet dekkjer lønsauken. Men den dekkjer ikkje auka kostnader i dei lovfesta tenestene og renteauken. Det er høg vekst i utgifter til mellom anna barn og unge med særskilte behov. Volda kommune har dobbelt så høg lånegjeld enn det som er tilrådd som øvre grense. Auka i renta slår derfor sterkt inn i økonomien til Volda kommune. Så er det eit grunnleggjande problem at Volda kommune har for høgt kostnadsnivå på tenestene. Ei analyse frå konsulentselskapet Agenda Kaupang peikar på behov for strukturelle endringar innan grunnskule, barnehage og helse og omsorg. Analysen viser at Volda kan ha ei drift som er opp mot 100 millionar kroner dyrare enn gjennomsnittet i kommunegruppa som Volda vert samanlikna med i den offentlege økonomiske statistikken i SSB (KOSTRA-gruppe 7). Samtidig endrar behova i befolkninga seg, og tilgangen på arbeidskraft vert mindre.
Ein langsiktig plan med fire hovudgrep
Kommunedirektøren meiner den økonomiske ubalansen ikkje kan løysast gjennom eitt enkelt budsjettvedtak. Arbeidet må starte no, men kommunen må ha eit perspektiv på minst ti år for å redusere gjelda, endre tenestestrukturen, tilpasse bygningsmassen og etter kvart byggje opp att økonomiske reservar.
Budsjettframlegget byggjer på fire hovudgrep:
- Redusere den løpande drifta. Kommunen må gjennomføre innsparingstiltak, redusere aktivitet og enkelte stader redusere bemanning, standard eller omfanget av tenestene.
- Utvikle ein berekraftig tenestestruktur. Bygg, bemanning, kompetanse og organisering må vurderast i samanheng. Tidleg innsats, førebygging og tverrfagleg samarbeid skal framleis stå sentralt.
- Redusere lånegjelda. Nye lånefinansierte investeringar må prioriterast strengare, med vekt på nødvendige investeringar og tiltak som reduserer framtidige driftskostnader eller gir stor samfunnsnytte.
- Nytte arbeidskrafta og kompetansen betre. Leiing, arbeidsmiljø, heiltidskultur, nærvær, kompetanse og oppgåvedeling er ein del av den økonomiske løysinga.
Tiltaka vil få konsekvensar
Kommunedirektøren er tydeleg på at fleire av tiltaka ikkje ville ha vore aktuelle dersom kommunen var i ein annan økonomisk situasjon. Nokre tiltak vil vere upopulære, og nokre vil få merkbare konsekvensar for dei som vert direkte råka. Samstundes er vurderinga at kommunen også etter gjennomføringa skal kunne levere forsvarlege tenester.
Vi må vere ærlege om at endringane vil påverke tilsette, brukarar, familiar og lokalsamfunn. Det skal vi ha respekt for. Men vi kan ikkje lenger skyve rekninga framfor oss. Målet er ikkje berre å spare pengar. Målet er å gjenvinne økonomisk handlingsrom og sikre at Volda kommune kan levere gode nok og forsvarlege tenester også i framtida, seier kommunedirektøren.
Dersom kommunestyret vel å ikkje gjennomføre eit foreslått innsparingstiltak, må det erstattast med eit anna tiltak som gir tilsvarande økonomisk effekt. Når reservane er brukte opp, kan alternativet ikkje lenger vere å utsetje avgjerdene.
Debattklima
Det er langt enklare å etablere og utvide gode ordningar når økonomien veks, enn å redusere eller endre dei når inntektene ikkje lenger strekkjer til. Det er viktig å vere ærleg og open om situasjonen. Dette er ikkje berre ei økonomisk utfordring. Det er også ei demokratisk utfordring. Når kommunen ikkje lenger har inntekter til å finansiere dagens tenestestruktur og innbyggjarane sine forventningar, må noko prioriterast framfor noko anna. Då vert økonomi også demokrati. Ein skule, ein barnehage, ein institusjonsplass, ei stilling eller eit tenestetilbod betyr mykje for dei menneska som vert direkte råka av ei endring. Det er både forståeleg og legitimt at innbyggjarar engasjerer seg og kjempar for det dei meiner er viktig. Eit levande demokrati skal tole usemje, motstand og sterke meiningar. Vi har samtidig eit felles ansvar for heilskapen. Dette er ei side ved lokaldemokratiet som vert stadig viktigare når det økonomiske handlingsrommet vert mindre.
Prioritere beredskap
Trass i den pressa økonomien meiner kommunedirektøren at kommunen ikkje kan skyve beredskapsarbeidet framfor seg. Til tross for at forslaget legg vekt på å redusere lånegjelda, inneheld det enkelte investeringstiltak for å sikre varme og drift i sentrale bygg. Kommunen vil også halde fram med å styrke beredskapen som ein del av den ordinære verksemda.
Vi skal sjå framover
Vi står i den mest krevjande fasen akkurat no. Kommunedirektøren understrekar at økonomiplanen handlar om meir enn innsparing. Han handlar om å ta ansvar no, slik at kommunen kan få større handlingsrom seinare. Volda kommune har kompetente og engasjerte medarbeidarar, og lokalsamfunnet har store ressursar og mange kvalitetar.
Vi har ikkje lenger høve til å utsetje dei nødvendige endringane. Men vi har framleis høve til å påverke korleis dei skal gjennomførast. Det krev langsiktig politisk leiarskap, tydeleg administrativ styring, god involvering av dei tilsette og ein open og kunnskapsbasert debatt. Eg har tru på at vi skal klare det, seier kommunedirektøren.
Framlegg til sektorvise tiltak:
Tabell


Tabellen nedanfor viser sektorrammene for det enkelte år og endring i perioden for 2026 – 2030:

De kan lese framlegget til budsjett og økonomiplan her:
https://pub.framsikt.net/2027/volda/bm-2027-vk27
Volda kommune