Kommunikasjon i Volda kommune

Kommunikasjon i Volda kommune

Kommunikasjon er ikkje eit mål i seg sjølv, men eit verktøy for å yte best mogleg tenester til våre innbyggjarar.

For å sikre god informasjonsflyt både internt og eksternt, bør det derfor vere klare retningsliner og ansvarsfordeling innanfor informasjon og kommunikasjon i kommuneorganisasjonen.

Volda kommune sin kommunikasjonsstrategi skildrar kommunen sine overordna kommunikasjonsmål, rolleavklaring mellom tilsette, prinsipp for kommunikasjon og strategiar for å oppnå organisasjonens sine mål. Denne kommunikasjonsstrategien omtalar også korleis tilsette i Volda kommune skal opptre i offisielle kanalar, korleis oppretting av nye kanalar skal gå føre seg, kven som er kontaktledd i ulike samanhengar og retningsliner for publisering av bilete og video. Denne planen skal bidra til at kommunikasjonsarbeidet i Volda kommune vert opplevd som heilskapleg og samordna.

 

Kontakt

Bente Engeseth
fagleiar kommunikasjon
E-post
Mobil 93 28 80 32