Målbruksplan for Volda kommune

Målbruksplan for Volda kommune

Vedtatt i kommunestyre 28.01.2016 sak 8/16

Volda kommune vedtok i sak 36/63 at det offisielle styringsmålet i kommunen skal vere nynorsk. Alle tilsette og alle kommunale organ pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta. Kommunestyret gjorde i same vedtak (etter lov om målbruk i offentleg teneste § 5) om å krevje nynorsk i skriv frå statsorgan til kommunen.

Språkpolitiske mål

Skriftspråket som vert nytta i kommunen må vere så godt og variert som mogleg, og liggje nær opp til talemålet i kommunen. Kommunen ønskjer eit enkelt, klart og brukarvennleg språk.

Dialekten (målføret) er ein særs viktig del av den lokale kulturarven. Å ha eit godt feste i ein dialekt gjev identitet og sjølvkjensle. Kommunen ser det difor som ei sentral oppgåve å verne om dialekten vår gjennom levande bruk og medviten utvikling.

Målbruksplan for Volda kommune (PDF, 224 kB)