Språkprofil

Språkprofil

Språkprofil for kommunane på Søre Sunnmøre vart i Volda vedtatt i kommunestyret sitt møte 24.11.22

Faggruppa kommunikasjon i sjustjernasamarbeidet har utforma ein felles språkprofil.

 

På Søre Sunnmøre har vi ein godt forankra språkleg identitet. Kvar einskild kommune har også eit språkleg ansvar. Ikkje berre skal vi sørge for at barna møter språket i barnehagen og gjennom skuleåra, men det skal følgje tenestene våre gjennom heile livsløpet. Vi skal skrive på ein måte som gjer at informasjon, saksdokument og vedtak er lett å forstå, korrekt og på nynorsk. Ved behov skal vi også kunne gi informasjon på andre språk enn norsk, til personar som bur og oppheld seg i kommunen.

Retningslinjene gjeld både ved ekstern- og intern kommunikasjon.

Eit klart språk gjer samarbeidet enklare når vi kommuniserer internt mellom tenesteområde og på tvers av fagfelt. Det gjeld både i eigen kommune og i kommunesamarbeidet i regionen.

Eit klart språk styrkar demokratiet og legg eit godt grunnlag for forståing, deltaking og medverknad. Innbyggarane er vår viktigaste målgruppe. Med eit klart språk vil dei betre forstå kva rettar og plikter dei har, og verte meir sjølvhjelpte i møte med kommunen. Med eit klart språk minkar også faren for å gjere feil. I tillegg reduserer vi faren for tilslørte fakta. Å vere opne er eit viktig prinsipp for alle kommunane, og språkprofilen vil vere eit viktig verktøy for å sikre eit tilgjengeleg språk for alle.

Språkprofilen skal

  • minne alle på kven som er målgruppene til kommunane
  • vise kva som er stilen og tonen vår
  • heve og vedlikehalde kompetansen om klart og korrekt språk
  • bidra til å betre skrivekultur og haldningar til språk
  • vere ei praktisk hjelp i arbeidskvardagen for medarbeidarar og leiarar

 

Språkprofil for kommunane på Søre Sunnmøre (PDF, 2 MB)