Innleiing
Volda kommune sin kommunikasjonsstrategi skal støtte opp om og bidra til å nå dei overordna måla som er fastsette i kommunen sine planar og styringsdokument.
Kommunikasjonsstrategien har ikkje eigne mål uavhengig av kommunen sine mål, men er eit verkty for å fremje dei fire satsingsområda: vekstkraft og attraktive lokalsamfunn, livskvalitet og meistring, grøn omstilling og organisasjonsutvikling. Gjennom open, tydeleg og inkluderande kommunikasjon skal kommunen styrkje tillit, medverknad og samskaping, og sikre at innbyggjarar, tilsette, folkevalde og samarbeidspartnarar har god tilgang til informasjon og moglegheit til å delta i utviklinga av voldasamfunnet.
Vekstkraft og attraktive lokalsamfunn
Volda kommune skal vere ein attraktiv stad å bu, arbeide og skape verdiar. Dette inneber å styrkje lokalsamfunna, leggje til rette for næringsutvikling, kultur, frivilligheit og møteplassar, og bidra til positiv befolkningsutvikling. Kommunikasjonen skal støtte opp om dette ved å synleggjere moglegheiter, aktivitetar og tilbod i kommunen, formidle utviklingsarbeid på ein open og tillitsskapande måte og leggje til rette for dialog og medverknad frå innbyggjarar, næringsliv og andre aktørar.
Livskvalitet og meistring
Målet er at barn, unge, vaksne og eldre i Volda kommune skal oppleve tryggleik, tilhøyr, deltaking og meistring i kvardagen. Kommunen skal fremje folkehelse, førebygging, tidleg innsats, inkludering og like moglegheiter for alle. Kommunikasjonen skal vere tydeleg, forståeleg og tilgjengeleg, og bidra til at innbyggjarane får kunnskap om rettar, tenester, aktivitetar og moglegheiter som støttar meistring, læring og god livskvalitet – også for dei som ikkje har digital kompetanse.
Grøn omstilling
Volda kommune skal bidra til å møte klima- og miljøutfordringane gjennom å redusere klimagassutslepp, ta vare på natur og tilpasse seg klimaendringane. Målet om minst 55 % reduksjon i direkte utslepp innan 2030 ligg til grunn for arbeidet. Kommunikasjonen skal formidle mål, tiltak og resultat på ein forståeleg måte, skape medvit og engasjement, og leggje til rette for at innbyggjarar, næringsliv og organisasjonar kan bidra aktivt i den grøne omstillinga.
Organisasjonsutvikling
Volda kommune skal vere ein føreseieleg, attraktiv og lærande organisasjon, forankra i verdiane raus, modig, kompetent og lærande. Målet er å ha tydelege roller, meistringsorientert leiing, god delingskultur og høg tillit internt og eksternt. Kommunikasjonen skal støtte openheit, god informasjon, involvering og forståing for prioriteringar og rammevilkår, og bidra til eit levande lokaldemokrati med brei deltaking og representasjon.