Feiing og tilsyn med fyringsanleggFeiing av skorstein og tilsyn med fyringsanlegg er ei lovpålagt teneste som kommunen er pliktig til å utføre i alle hus med skorstein og eldstad.Fritidsbustadar skal også ha feiing og tilsyn dersom det er montert eldstad som er i bruk.Feiing og tilsyn skjer etter avtale mellom huseigar og feiar.Dine pliktar ved feiingFør feiaren kjem, må du som huseigar:Stenge spjeld, ventilar og luker.Sjekke at eldstad og luker i skorstein er tette slik at sot ikkje kan kome inn.Sløkke alle eldstadar.Varsle eventuelle leigebuarar i huset.Syte for god og sikker tilkomst på taket og setje fram veggstige.Sikre tilkomst dersom feieluka er på loftet. "Feiaren kjem!"Dette er ei melding som kjem frå feiaren nokre dagar i forkant av feiing eller tilsyn. Meldinga vert sendt ut som tekstmelding til dei som har mobiltelefon, og ein svarar 1 dersom tidspunktet passar, eller 2 om det ikkje passar.Dersom tidspunktet ikkje høver må ein sjølv ta kontakt for å avtale ny tid.Vert det ikkje meldt tilbake om at huset er klargjort for feiing, vert det ikkje feiing. Spørsmål og svar feiingKva skal eg gjere når eg får varsel om feiing?Etter motteke varsel må huseigar/leigar syte for at tilstrekkeleg tilkomst for feiaren vert gjort klart til varsla dag. Veggstigar skal settast opp eller leggast fram før feiaren kjem.Dersom De ynskjer det, tek feiaren ut sotet frå feieluka om du er heime og gir oss tilgang.Dersom feiaren finn feil ved pipe eller tilkomst, får huseigar tilsendt rapport frå kommunen og får pålegg om å ordne opp i forholdet.Kor ofte får eg feiing?Intervall for feiing vert fastsett på bakgrunn av ei behovsvurdering der fyringsmønster, sotmengde og type eldstad er dei viktigaste faktorane. Den enkelte huseigar kan be om hyppigare feiing dersom fyringsmønsteret endrar seg.Har du fyringsanlegg som ikkje er i bruk så har vi eige meldeskjema på kommunen si heimeside for å melde at fyringsanlegget er fjerna eller plombert, då blir også gebyret for feiing og tilsyn tatt vekk.Kva skal eg gjere før feiaren kjem?At alle bebuarar er informert om at feiaren kjem. At alle eldstadar er sløkte, og at omnsdører, luker og spjeld er stengde. Eldre installasjonar der ein er usikker på om det er tett må sikrast ytterlegare for å hindre at sot kjem ut. Om huseigar ikkje tek ut soten sjølv må sotluka være tilgjengeleg slik at vi kan ta ut soten. Det same gjeld eventuell feiing av røykrøyr mellom eldstad og pipe.Kva slags husstige må eg ha?Veggstigen må rekke minst 1 meter over takrenne/gesims og vere sikra i toppen slik at den ikkje kan skli.Stigen skal kvile på et stabilt, beredyktig og fast underlag slik at trinna held seg vassrette under bruk. Om den står på glatt underlag, der det kan vere fare for at den sklir ut, skal den vere sikra også nede.Det skal ikkje brukast frittståande stigar som er høgare enn 6 meter. Teleskop-, ledd- eller trestigar skal ikkje nyttast som tilkomst til tak.Kva krav gjeld for takstigen?Takstige/trinn på taket skal vere fastmontert i trygg takkonstruksjon. Takstige/trinn skal gå heilt frå takrenne og til øvre side av skorstein. Høgd frå øvre trinn/feieplattform til topp skorstein skal ikkje vere over 1,2 meter. Dersom det er fleire skorsteinar på objektet, kan det monterast gangbru mellom desse eller takstige/trinn til kvar einskild skorstein.Alt stigemateriell, gangbruer og plattformer skal vere av typegodkjent merke og monterast etter gjeldande monteringsrettleiing.Eg har feiing frå loftet, kva gjeld då?Ved feiing ifrå loft må det vere uhindra tilgang til alle feieluker. Romma skal vere skikkeleg opplyst og feiar må ha tilstrekkeleg plass til å utføre arbeidet. Under feieluka vil det oftast kome litt sot når ein tek kosten ut av pipa. Vi ser derfor gjerne at De dekker til golvet slik at sotet er lett å få bort.Feiaren går ikkje inn i hus utan at det er folk til stades.Eg har fått rapport med avvik, kva må eg gjere?Vi skil mellom avvik og merknadar. Avvik må du som huseigar utbetre så raskt som råd då dette forskriftsbrot, du må melde frå til oss om når du kan få lukka avviket. Manglande utbetring kan føre til fyringsforbod eller dagsmulkt.Kan eg montere ein brukt omn i huset?Hovudregelen er at det berre er lov å montere omnar som er reintbrennande. Det er likevel lov å flytte ein eldre eldstad til annan plassering i huset, til dømes kan omnen i stova flyttast ned i kjellaren når du har kjøpt deg ny reintbrennande omn til å ha i stova. Eldre omnar som du kjøper eller får frå andre vil du ikkje kunne montere på nytt. Det finnes eit snevert unntak for antikvariske og bevaringsverdige omnar, men då må også interiøret og bygningsdetaljar i rommet være frå same tidsepoke, eller kopi frå tidsepoken. Enkelte antikvariske omnar er det mogleg å bygge om med moderne reintbrennande innsats slik at dei stettar dagens krav.Kva kan eg sjølv gjere av arbeid på eldstad eller skorstein?Under føresetnad av at ein følgjer dei byggtekniske krava så kan ein utan søknad utføre reperasjon av skorsteinen. Dette inkluderer bore hol og sette inn nytt røykrøyr, skifte sotluke, og bytte pipehatt. Ein kan også installere, endre, flytte og reparere omnar og peisar innanfor eigen bustad.Døme på søknadspliktig arbeid er arbeid som endrar skorsteinens høgde eller tverrsnitt, samt vesentleg reperasjon eller riving. Også rehabilitering med installering av nytt innvendig røykrøyr vil være søknadspliktig arbeid då dette er rekna som ein vesentleg endring eller reperasjon av skorsteinen.Kan eg få reingjort eldstaden min?Ved behov kan vi også feie sjølve eldstaden, primært då røykrøyret mellom eldstad og skorstein. Dette må det gjerast eigen avtale om, og huseigar må være til stades. Vi fjernar berre sot frå eldstad og røykrøyr, fjerning av oske og pussing av glas må ein gjere sjølv. Spørsmål og svar tilsynMå eg være heime ved tilsyn?Eigar, eller representant for eigar må være til stades og alle einingar, eldstader og skorsteinar skal være tilgjengelege. Om nødvendig må eigar eller eigarens representant varsle andre brukarar eller leigetakarar. Det er ønskjeleg at eigar skaffar monteringsrettleiing og eventuell kontrollerklæring eller anna dokumentasjon over korleis stoda til fyringsanlegget er, kontroll og vedlikehald.Kva blir kontrollert ved tilsyn av fyringsanlegget?Eventuelle tidlegare avvik eller merknader ved fyringsanlegget er følgd opp og utbetra.Ny eldstad eller vesentlege endringar ved fyringsanlegget er meldt til kommunen.Eldstad, røykkanal, skorstein og eventuelt matesystem for brensel er tilfredsstillande bygd og montert (også uklarheit omkring lovverkets krav til fyringsanlegget og konsekvensar av manglande oppfylling og korleis utbetring kan gjerast).Anlegget er tilfredsstillande kontrollert, ettersett og vedlikehalde.I tillegg vil det gjevast informasjon og rettleiing om generelle branntryggleiksspørsmål, som røykvarslarar, handsløkkjeutstyr og rømingsvegar. Kva kostar det?GebyrAlle som har montert eldstad i hus eller fritidsbustad må betale ei avgift til kommunen, uavhengig om ein brukar det eller ikkje. Dei aller fleste har lik avgift, men dei som fyrer slik at det vert mykje sot og treng oftare feiing enn kvart 3dje år, må betale høgare avgift enn dei som har lite sot i skorsteinen. Det kan vere ulike årsaker til at ein får mykje sot i skorsteinen, men den vanlegaste er at ein ikkje har skifta ut til reintbrennande omnar. Gamle omnar produserer opp til 10 gongar meir sot enn nye reintbrennande, brukar meir ved og er mindre miljøvennlege.Storleiken på avgifta vert vedteken i kommunestyret kvart år og dekker kommunen sine totale kostnader med tilsyn og feiing hjå alle abonnentar etter behovsbasert intervall.Gebyrsatsane Feiing og tilsynGebyrTypeBetalingssats 2025Betalingssats 2026Anna arbeidKr pr timeKr 680 + 25% mvaKr 850Brannforebygging bustadhus Gr 1Kr 684Kr 760Brannforebygging fritidsbustadKr 630Kr 700Brannforebygging Gr 2Kr 1 053Kr 1170Fresing av beksot, fastprisKr 2 000 + 25% mvaKr 2500 Alle summar er inklusive mva.Behovsprøvd tilsyn er inkludert i feiegebyret.A. Brannforebygging bustadhus gruppe 1: Dei med normal sotmengde og låg risiko som treng skjeldan feiing/tilsyn (3-6 år) B. Brannførebygging fritidsbustadar: Hytter / fritidsbustaderC. Brannforebygging gruppe 2: Stor sotmengde/Fleire skorsteinar/høg risiko som treng ofte feiing/tilsyn(1 -2 år) D. * Vert nytta ved anna arbeid utanom lovpålagd feiing og tilsyn, som t.d. kontroll av røykløp etter pipebrann, fabrikkpiper, ekstra feiing og andre tenester som ikkje er dekka av det ordinære feietilsynet.Pris for feiing er heimla i lokal forskrift om lovfesta feiing og tilsyn (PDF, 449 kB) i Volda kommune. Sist endra 12.01.2026 14:58