Direktoratet for Byggkvalitet (Dibk) har ei eiga temaside for arbeid på eksisterande bygg, med mykje god informasjon om gjeldande regelverk. For bustadar eldre enn 2011 er det også lemping i dei tekniske krava. Dette finn du meir om her:
Arbeid på eksisterande bygg: Arbeid på eksisterende bygg - Direktoratet for byggkvalitet (dibk.no)
Unntak frå tekniske krav
For eksisterande bygningar, så kan kommunen gje unntak fra tekniske krav, dersom vi kjem til at det er forsvarlig ut fra sikkerhet, helse og miljø.
Ved vurderinga skal kommunen legge vekt på følgende:
- Alderen til byggverket
- Formell vernestatus
- Bygningstype, føremål, plassering
- Varigheten av tiltaket
- Noverande tekniske tilstand
Grunngjevinga for å gje unntak fra krava er at eldre bygningar framleis skal kunne brukast på ein føremålsteneleg måte i staden for å forfalle. Mindre bygningsmessige endringer skal kunne tillatast, slik at også bygninger som er bevaringsverdige kan nyttast til føremål som butikk, kontor med videre.
I ein søknad om unntak frå tekniske krav må det gjerast greie for:
- Arbeidet som er planlagt utført
- Avgrensing av arbeida i høve til type tiltak (tilbygg, påbygg osb)
- Kva krav i TEK17 som ikkje vert oppfylt og som det vert søkt om unntak frå (med henvising til paragraf i lova). Merk at det er berre relevante krav det skal søkjast unntak frå
- Avviket, eventuelt kor stort avviket er i høve til krav
- Kvifor krava ikkje kan oppfyllast
- Forsvarlegheit for unntaket
Hugs at unntaka vert skal vurderast separat og at det skal argumenterast for kvart unntak for seg.