Kva gjeld på din eigedom?

Kva gjeld på din eigedom?

Offentlege planar kan legge føringar for kva du kan bygge eller gjere på din eigen eigedom. Det kan også vere utfordringar opp mot naturfare som må gjerast greie for før du kan ta til med tiltak

Overordna planar

Kommuneplanen er kommunen sitt overordna styringsdokument og skal gje rammer for kommunen sine planar og tiltak, og planar for bruk og vern av areal i kommunen. Meir informasjon om kommuneplan finn du på denne nettsida: Kommuneplan - Volda kommune

Detaljplan/reguleringsplan

Ein reguleringsplan sei kva eit område kan brukast til og kva som eventuelt kan byggast der. Reguleringsplanen består av et plankart med føresegner, som begge deler er juridisk bindande. Reguleringsplanen har og ein planomtale som skildrar formålet med planen, korleis planen påverkar miljø og samfunn, og kva alternativ kommunen har vurdert. Reguleringsplanen er politisk vedtatt og gjeld for et avgrensa område, og gir rett til å bygge til den som eig tomta.

Meir informasjon om reguleringsplan finn du på denne nettsida: Reguleringsplanar - Volda kommune

Kultirminne, vern og bygningsmiljø
Trygg byggegrunn
Naturmangfald