Planlegging etter plan- og bygningslova skal leggje til rette for ei berekraftig utvikling, der det blir teke omsyn til miljø, økonomi, samfunn, kultur og gode nærmiljø.
Planlegginga skal også sikre at innbyggjarar og andre som blir påverka, får høve til å medverke.
Kommuneplanen består av to hovuddelar:
- Samfunnsdelen, med handlingsdel
- Arealdelen
Kommuneplanen skal ta omsyn til både lokale, regionale og nasjonale mål og interesser.
Figur kommuneplanen. Figuren er laga av KI.Planprogrammet først
Når kommunen skal lage eller revidere kommuneplanen - enten samfunnsdelen eller arealdelen - skal det først utarbeidast eit planprogram.
Planprogrammet skildrar:
- kvifor planen blir laga
- korleis planarbeidet skal gjennomførast
- framdrift og tidsfristar
- korleis innbyggjarar og andre skal kunne medverke
- kva tema som skal greiast ut
Forslaget til planprogram blir sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn før det blir vedteke.
Kva er samfunnsdelen?
Samfunnsdelen peikar ut den langsiktige retninga for utviklinga av kommunen. Samfunnsdelen beskriv utfordringar, mål og strategiar for kommunen som lokalsamfunn og organisasjon.
Samfunnsdelen er grunnlaget for kommunen si verksemd og for planlegging innan dei ulike tenesteområda.
Handlingsdelen
Handlingsdelen viser korleis måla i samfunnsdelen skal følgjast opp.
Handlingsdelen inneheld prioriterte tiltak for dei neste fire budsjettåra eller lenger, og viser korleis kommunen vil bruke ressursane sine for å nå måla.
Handlingsdelen blir oppdatert kvart år og er ein del av økonomiplanen.
Kva er arealdelen?
Arealdelen viser korleis areala i kommunen skal brukast i framtida, og skal sikre ein god samanheng mellom samfunnsutvikling og arealbruk.
Arealdelen består av plankart, føresegner og planomtale. Planomtalen forklarer løysingane i planen og viser korleis kommunen har teke omsyn til lokale, regionale og nasjonale mål og føringar.