Kva er ein reguleringsplan?

Kva er ein reguleringsplan?

Ein reguleringsplan sei kva eit område kan brukast til og kva som eventuelt kan byggast der. Reguleringsplanen består av et plankart med føresegner, som begge deler er juridisk bindande. Reguleringsplanen har og ein planomtale som skildrar formålet med planen, korleis planen påverkar miljø og samfunn, og kva alternativ kommunen har vurdert. Reguleringsplanen er politisk vedtatt og gjeld for et avgrensa område, og gir rett til å bygge til den som eig tomta. 

Ein reguleringsplan er kommunen sin reiskap for å styre den fysiske utviklinga: Kvar skal det vere bustader, næringsbygg, skular og barnehagar, parkar og friområde? Kva areal skal vere offentlege og kva skal være private? Kva skal vernast - og kva kan rivast og byggast på nytt? Korleis skal folk kunne ferdast i området? 

Både kommunen, privatpersonar, utbyggjarar, organisasjonar og andre mynde kan komme med forslag til detaljreguleringar, men det er fagkyndige som planleggarar og arkitektar som utarbeidar planforslaget. 

Det finnes to typar reguleringsplanar.  

Områderegulering gjeld for eit større område.

Detaljregulering tek for seg eit mindre område, og går meir detaljert til verks om kva og korleis ein kan bygge. I eldre reguleringsplanar vert dette nemnt som utbyggingsplan/”bebyggelsesplan”. 

Detaljreguleringsplanen viser kva handlingsrom du har for å bygge på eigedomen din. Dersom det finnes en detaljreguleringsplan for nærområdet ditt, vil det vere denne kommunen vurderer byggesøknaden din opp mot. 

Er det ingen detaljregulering, kan det vere ein områderegulering. Da er det områdereguleringa kommunen vurderer byggesøknaden din opp mot. 

I tillegg til reguleringsplanen vert eigedomen din og påvirka av kommuneplanen sin arealdel eller ein kommunedelplan for området. Dette er eit kart med føresegner, der det er gjort overordna val for kommunen din. 

Kart over gjeldande reguleringsplanar er tilgjengeleg på kommunekart.com.

I  planregisteret kan du finne kva plan som gjeld for ditt område. Her kan du velgje listevisning eller kartvisning. 

 

Når må ein ha ny reguleringsplan?  

For større bygge- og anleggstiltak er det  krav om at området må vere regulert før bygging. 

Om nokon vil bygge noko som bryt med det som kommunen har vedteke i planer tidlegare, må dei først lage ein ny reguleringsplan og kommunestyret må vedta den nye planen.