Når kan du påverke reguleringsplanen?

Når kan du påverke reguleringsplanen?

En viktig del av arbeidet med reguleringsplanen er å få innspel og merknader frå innbyggarane. Du kan komme med innspel i to rundar i planarbeidet:  

Når planarbeidet startar (ved varsel om oppstart) og når forslaget er utarbeidd (ved høyring / offentleg ettersyn). I begge rundar får naboar, grunneigarar og relevante offentlege organ varsel om planarbeidet. Varsel om oppstart og høyring vert og kunngjort i ei avis og på heimesida til kommunen. Arbeidet med å utarbeide en reguleringsplan kan ta fleire år. 

 

Varsel om oppstart 

Når nokon skal lage ein reguleringsplan, må dei varsle om oppstart av planarbeidet til naboar og andre som vert råka av planen. Du vert varsla direkte frå den fagkyndige, som skal utarbeide planen, og du skal sende uttalen din direkte til den fagkyndige i denne runden. Fristen for å komme med uttale/innspel er til vanleg seks veker.  

Innspelet ditt vert tatt med inn i planarbeidet der den som utarbeider planen må vurdere og ta stilling til om dei kan imøtekome innspelet ditt. I planforslaget som vert sendt til kommunen skal det gå fram korleis innspelet er vurdert.  

 

Offentleg ettersyn 

Når vi har tatt i mot planforslaget, skal alle få mogelegheit til å komme med uttale/merknad til det. Nå inneheld planforslaget detaljerte skildringar, kart og føresegner og andre utgreiingar. Administrasjonen går gjennom og vurderer planforslaget og formannskapet tek stilling til om planforslaget kan sendast ut på høyring og leggast ut til offentleg ettersyn. 

Naboar, grunneigarar og relevante offentlege organ får direkte varsel om planarbeidet. Varsel om oppstart og høyring vert og kunngjort i ei avis og på heimesida til kommunen. 

Fristen for å kome med merknad i denne runden er til vanleg seks veker. Du sender merknaden din til kommunen via epost til postmottak@volda.kommune.no eller brev til Volda kommune, Stormyra 2, 6100 Volda.  

Administrasjonen har dialog med den som har laga planforslaget og vurderer korleis merknadane skal påverke planforslaget. Som regel er det forslagsstillaren som oppdaterer planforslaget. Formannskapet tar stilling til om planforslaget kan sendast til kommunestyret for godkjenning.  

 

Når planen er godkjent 

Etter at kommunestyret har gjort vedtak i saken, vert dokumenta og vedtaket lagt på kommunen si nettside og annonse i ei avis. Merk at det kan ta nokre dagar etter møtedato før dei vert lagt ut. 

Dei som har sendt innspel til planen og/eller er røyvde grunneigarar får eit brev frå kommunen med beskjed om vedtaket i kommunestyret. 

 

 Klage på vedtaket 

Du kan klage på vedtaket innan 3 veker etter at du fekk melding om vedtaket. Det er nok at klagen er postlagt før fristen. Klagen skal sendast til kommunen. 

 

Informasjon om korleis du kan klage kan du finne her: Klage