Bu trygt heime

Bu trygt heime i Volda kommune

Open temadag om teknologi i kvardagen

Er du over 65 år – eller er du pårørande?
Volda kommune inviterer til open temadag om korleis du kan leve eit godt og trygt liv heime – heile livet.

📅 Tysdag 14. april 2026
🕚 Kl. 11.00–15.00
📍 Oppheim
🎟️ Gratis inngang

Kva handlar dagen om?

Målet med temadagen er å gi inspirasjon og nyttig informasjon om korleis teknologi og gode løysingar kan bidra til ein trygg, aktiv og sjølvstendig kvardag i eigen heim.

Du får vite meir om:

  • Senter for eit aldersvennleg Noreg
  • Smarthusteknologi
  • Sprek på nett
  • Velferdsteknologi
  • Digitale løysingar for fysisk aktivitet
  • Digital heimeoppfølging

Det blir stands med aktuelle forhandlarar, lag og organisasjonar, i tillegg til kommunale tenester. Her kan du stille spørsmål, sjå og prøve ulike løysingar – og få rettleiing som er tilpassa dine behov.

Det blir også kulturelt innslag ved demeneskoret og lokale musikarar.

Kvifor delta?

Å planleggje for ein trygg alderdom handlar om å ta gode val i tide. Med enkle teknologiske løysingar kan du:

  • auke tryggleiken i eigen heim
  • halde kontakten med familie og vener
  • vere meir aktiv i kvardagen
  • meistre eigen helse betre

Vi ønskjer velkomen til ein informativ og triveleg dag!

Følg gjerne sida “Senior i Volda”.  Her har vi samla nokre råd om korleis du kan gjer heimen tryggare.